Sunnmøre museum

Sunnmøre museum
Sunnmøre museum fortel historia om levemåten i det gamle bondesamfunnet.
I det idylliske friluftsmuseet har vi ei stor samling bygningar frå heile Sunnmøre. Her blir du kjend med korleis folk levde i det førmoderne sunnmørssamfunnet.
I båthallen fortel vi historia om båtutvikling og ferdsel til sjøs frå vikingtida og fram til motorbåtane tok over.
I hovudbygget viser vi både faste og temporære utstillingar.
Foto: Marius Beck Dahle / Viti
Opningstider og prisar
Ope
Oktober - april
Tysdag - søndag
11-16
Mai - september
Måndag - søndag
10-17
Stengt:
1. jan, 1. mai, 17. mai, 23. - 26. des, 31. des.
Kontakt:
Sentralbord (mån-fre)
70 23 90 00
E-post
post@vitimusea.no
Prisar
Vaksen
kr 120
Gruppe vaksne (min 15 pers.)
kr 100
Student
kr 100
Barn (opp til 18 år)
Gratis
Skulebesøk pr elev
kr 30
* Eigne prisar på arrangement
Besøk oss
Museumsvegen 12, Ålesund
Sjå i kart →Tilgjengelegheit
Les meirLukk
Sunnmøre museum har universell tilkomst i utstillingane i hovudbygget, båthallane, museumskafeen og museumsbutikken.
Det er HC-parkering ved inngangen og tilrettelagt for rullestol i uteområdet ved hovudbygget og kaia.
Dei antikvariske bygningane i friluftsmuseet er ikkje universelt tilgjengelege.
Meir om museet
Les meirLukk
Sunnmøre museum byr på mangfaldige museumsopplevingar.
Friluftsmuseet
I friluftsmuseet er det samla bygningar frå heile Sunnmøre, som fortel om levemåten i det gamle bondesamfunnet. Dei fleste livnærte seg av ein kombinasjon av jordbruk og fiske.
Husa var mange, dei stod tett og dei skulle fylle mange funksjonar. Naturtilhøva, næringsgrunnlaget og eigedomstilhøva har vore med og forma den særlege sunnmørske byggeskikken. Etter kvart vart skulen og bedehuset sentrale forsamlingshus i bygdene.
I friluftsmuseet blir du kjend med alle dei ulike bygningane og funksjonane dei dekte.
Båtsamlinga
Bygging og bruk av båt har lange tradisjonar på Sunnmøre. Ved kaia og i båthallen syner vi dei lange linjene i båttradisjonane på sunnmørskysten.
Inne i hallen kan du sjå ei stor samling opne tradisjonsbåtar, mellom anna den einaste attverande originale sunnmørsåttringen.
Utstillinga viser òg kopiar av jernalder- og vikingskip frå Fjørtoft og Kvalsund, basert på arkeologiske funn, og båtar knytte til andre verdskrigen.
Ved museumskaia ligg fleire båtar og fartøy. Fiskekuttaren MK Heland deltok i englandsfarten under andre verdskrigen som «shetlandsbuss».
Sommarstid ligg også Borgundknarren ved kai. Knarren er ein kopi av eit handelsskip frå 1000-talet funne i Roskilde fjord i Danmark. Skipet kan leigast til kortare eller lengre turar.
Dei mindre, opne tradisjonsbåtane som ligg ved kaia, bruker vi i skuleformidling, og nokre av dei kan ein leige i sommarsesongen.
Utstillingar
I hovudbygget viser vi både faste og temporære utstillingar. Mellom anna utstillinga EG VAR HER- stemmene frå Sunnnøre .
Tur- og rekreasjonsområde
Museumsområdet er mykje brukt til tur- og rekreasjon og som er ope for publikum heile året. Her kan du spasere på fredelege skogsstiar, vandre mellom dei gamle gardstuna og runde av med ein nykverna kaffi og ei lun svele i museumskafeen.
29 Apr, kl. 16:00 – 18:00Aktivitet
Sunnmøre museum
Beredskap, dyrking og helse
22 Mai, kl. 22:00 – 22:00Aktivitet
Sunnmøre museum
Forestilling: Nesegrevet
24 Mai, kl. 11:00 – 12:00Aktivitet
Sunnmøre museum
Forestilling: Robin Hood
30 Mai, kl. 10:00 – 14:00Aktivitet
Sunnmøre museum
Natur- og hagemarked
15 Aug, kl. 16:00 – 21:30Aktivitet
Sunnmøre museum
GAVLAROCK 2026 – RÅARE. TYNGRE. TETTARE PÅ.
Utstillingar
Boktips!
Formidling

Aktivitet
Sunnmøre museum
8. – 10. trinn: Omvising «Eg var her»

Aktivitet
Sunnmøre museum
VGS: Omvising «Eg var her»

Aktivitet
Sunnmøre museum
1.-2. trinn: Jula, då og no

Aktivitet
Sunnmøre museum
7. trinn: Folk, fe og fisk

Aktivitet
Sunnmøre museum
Omvising Båthallen

Aktivitet
Sunnmøre museum
Omvising Sunnmøre museum

Aktivitet
Sunnmøre museum
Omvising i utstillinga "Eg var her"
















