Sunnmøre museum
Sunnmøre museum – Ålesund
PELSTID
Ny utstilling kjem!
Torsdag 4. juni opnar vi utstillinga Pelstid - om norsk pelsdyravl si omlag 100 år lange historie, og ei næring fylt av kontrastar!
3 jun. 2026 – 3 jun. 2028
"Kva skjer med kulturarven når det kjem eit nasjonalt forbod mot næringa?"
I 2025 vart pelsdyrnæringa avvikla i Noreg etter ein lang prosess. Det betyr ikkje at spora etter næringa er borte.
Spora finn vi her på Sunnmøre i landskapet, hos menneska som jobba i næringa, i klesskapet, på bilete og i arkiv.
Utstillinga Pelstid vil handle om norsk pelsdyravl si omlag 100 år lange historie, med utgangspunkt i lokale forhold her på Sunnmøre.
Samstundes vender vi blikket mot internasjonale motar - og mot Canada, der moderne pelsdyrhald starta.
Eit skiftande internasjonalt motebilde og syn på dyrehald påverka pelsdyr og bønder i heile Noreg. Korleis påverka eit motebilde i endring pelsdyrhald og bønder?
Utstillinga ønskjer å belyse korleis næringa starta, kvar pelsdyrbøndene henta kunnskap og lærdom frå og korleis dei omsette denne til lokale tilhøve. Vi vil sjå på korleis pelsdyrnæringa har bidrege til lokal og regional verdiskaping.
Nasjonalt forskingsprosjekt
Utstillinga er fagleg forankra i eit nasjonalt forskingsprosjekt om pelsdyrnæringa, der Viti samarbeider med Jærmuseet, Musea i Sogn og Fjordane, Museene Arven, Romsdalsmuseet, Vest-Telemark Museum, Nordmørsmuseaog Buskerudmuseene.
Les også artiklane
Pelsdyrnæringa på Sunnmøre
Statskonsulent og pelsdyforkjempar
Pelsdyrnæringa på museum?
NY UTSTILLING KJEM!
Torsdag 4. juni opnar vi utstillinga Pelstid - om norsk pelsdyravl si omlag 100 år lange historie og ei næring fylt av kontrastar!
Korleis starta pelsdyrnæringa og kva rolle spelte ho for lokal verdiskaping? Korleis påverka eit motebilde i endring pelsdyrhald og bønder? Kva skjer med kulturarven når det kjem eit nasjonalt forbod mot næringa?
Vi gler oss til å ønskje deg velkomen!
HAR DU EIT PELSPLAGG SOM IKKJE LENGER ER I BRUK?
Til utstillinga øskjer vi å samle inn pelskåper, jakker, luer og andre pelsplagg frå ulike tidsepokar - gjerne også så seint som frå 80-talet. Ekstra glade blir vi for plagg til herre. Nokre av plagga skal publikum få ta i – og kanskje til og med prøve.
Og her «frir» vi til deg! Har du eit pelsplagg du kunne tenke deg å donere til museet? Kanskje det er produsert lokalt eller har ei spanande historie?
Ta kontakt med Cecilie Rørstad, konservator i Viti cecilie@vitimusea.no
Museumsvegen 12
Sjå kart →



