Om vinterfisket etter torsk

«Hugen drog halve lasset»
Frå gamalt av har sildefisket og torskefisket vore dei to viktigaste fiskeria på Sunnmøre. Vinterfisket etter torsk gjekk føre seg i perioden frå kyndelsmesse, 2. februar, til marimesse, 25. mars. Borgundfjorden vart rekna som den beste torskefjorden sør for Lofoten, og hit kom folk frå heile Sunnmøre, frå Nordfjord og frå Romsdal.
I desse vekene kunne «Borgensund og de nærmeste ved Breedsund beliggende Øer ansees som et almindelig Fiskevær», skriv Hans Strøm på 1760-talet, og opplyser at vinteren 1756 tok heile 2754 mann del i fisket, fordelt på 260 båtar.[1]Om lag hundre år seinare, i 1877, var talet 2100, fordelt på 430 båtar.[2]
Motor i båtane
Kring førre hundreårsskiftet tok stadig fleire til å setje motor i båtane. Omlegginga skjedde i løpet av få år. Det første tiåret av 1900-talet vart soleis prega av det som har vore kalla ein «motorepidemi», noko som kom til å få djuptgåande følgjer for fiskeria.[3] For når framdrifta vart enklare, kunne fisket drivast over langt større område enn tidlegare. Dette endra også betydinga av det hundreårgamle Borgundfjordfisket. Og sidan toppåret 1924, der 1940 mann var med, har deltakinga her gått nedover.
Før motoren tok over
Jakob J. Sætre frå Gursken i Sande, fødd i 1884, har fortalt om korleis det var å ta del i denne siste fasen av det tradisjonelle vinterfisket etter torsk, om bord i ein møringsbåt, før motoren tok over:[4]
Seint på hausten tok karane i båtlaget til å bu seg til fisket. Garna batt dei sjølve: Dei kjøpte hamp som vart spunnen til tråd, og tidleg om morgonen var dei i full sving ute på markane med legging av endane. I slutten av januar samlast så heile båtlaget for å slå endestykka saman, og gjere klar resten av reiskapen dei trong om bord.
I byrjinga av februar drog dei møringen ut av naustet. Halvvegs nede i støa vart det eit stogg, for nygla skulle setjast i, og det var høvedsmannen si oppgåve. Høvedsmannen smurde nygla inn med ein dryg porsjon med «Landgårds-skrå», for då sat ho så mykje betre.
Etter at båten var komen på sjøen, måtte alt utstyret berast om bord: garn, søkke, kavlar og anna reiskap, sengeklede, halm til sengebolsteret, brenneved, vasskagge, nistebomme og kleskiste.
Så var det å ro og segle fram til staden der dei hadde tinga seg losji.
Losji
Det første karane gjorde då dei kom fram var å setje kokka i land, med beskjed om å koke opp ei dugleg gryte med graut, slik at dei fekk seg mat før arbeidet tok til.
Losjiet var oftast eit stort rom, gjerne eit loft, på ein gard i nærleiken av fiskefeltet. I rommet kunne det bu to båtlag, med 7 – 8 mann i kvart. Langs veggane kunne det stå køyer i fleire høgder, eller dei måtte nøye seg med å leggje bolsteret rett på tregolvet. Om der var omn, hadde kokka alltid køya si i kråa ved omnen. Midt i rommet stod eit langbord med benkar på båe sider. Der hadde kvar mann sin faste plass.
Ut på feltet
Klokka fire om morgonen var det å stå opp, for å setje seg ved årene; gjerne i ein nedsnøa båt og med vottar som fort vart frosne og stive som bein. Men etter å ha tina vottane i sjøvatn gjaldt det å kome seg ut på feltet så snøgt som råd.
Første dagen fiska dei med snøre og rykk. Om fangsten då vart god, sette dei garna ut dagen etter; to settingar, med 20-30 garn i kvar.
Når garna skulle dragast, vart garnrulla nytta. Draginga var tungt arbeid, og to mann måtte til. Dei tok spenntak i bordinga og drog kvar sin gang. Det gjaldt å halde ryggen rak under draginga, elles kunne ein verkeleg vere ille ute.
På ein god dag kunne eit båtlag lande fleire hundre torsk, og med slike fangstar vart roren heim både lang og tung. Vel heime måtte fisken gjerast opp og saltast. Dette tok tid, og det kunne bli midnatt før dei var ferdige. Dagen vart gjerne avslutta med ein «sjørøyk», før karane fann køya.
Etter 14 dagar var fisken saltmogen. Fangsten vart vegen opp, og delt mellom karane i båtlaget. Etter delinga vart han gjerne turka til klippfisk og seld vidare til ein eksportør.
Sjølv om det innebar veker med lite svevn og lange dagar om bord i ein open båt gjennom den mørkaste og kaldaste tida av året, vart vinterfisket etter torsk likevel sett på som eit høgdepunkt for dei som tok del i det:
«Dei såg fram til fisket med lyst og glede. Det var sport og det var eventyr. Så sjølv om det kunne vere eit slit, var det slik at hugen drog halve lasset», avsluttar Jakob Sætre.
Av: Ivar Gunnar Braaten, historikar.
Kjelder: