Sunnmøre museum

En guide i strikkegenser forteller historier i en gammel låve med tørkede tau og garn hengende fra .

Sunnmøre museumÅlesund

7. trinn: Folk, fe og fisk

Dei fleste familiar busett langs den krunglete Sunnmørskysten fram mot 1850-talet var fiskarbønder. Dei fekk livsgrunnlaget sitt frå havet og det dei kunne dyrke på heimegarden. Nokre spedde og på med ulike handverk.

Korleis var eigentleg dette livet?

I opplegget "Folk, fe og fisk" møter elevane arbeidsoppgåver, hus og båtar brukt av fiskarbøndene som kom før oss. Gjennom ulike aktivitetar knytt til fiske og arbeid på garden får vi litt større innsikt i kvardagen til ein 12-åring og familien for nokre århundrer sidan.

Saman reflekterer vi overkorleis denne fortida har påverka det livet vi har i dag. Vi forsøker og å svare på kvar det vart av fiskarbonden.

Med verktøy får elevane prøve seg på oppgåver som karring og tvinnig av ull, lære om fiskesesongen på fjorden, lage forsyn, og prøve seg på vassbering. Vi avsluttar med ein liten særnorsk styrkedrikk.

Bli med oss nokre timar i jakta på historia til folk som levde av fisk og fe.

  • Tilbod til: 7.trinn
  • Stad: Sunnmøre Museum
  • Når: utvalde dagar i veke 10, 11 og 12
  • Tid: 2 timar

  • Elevtall: Opptil 30 elevar
  • Pris: 30 kr pr påmeldt elev
7. trinn: Folk, fe og fisk — Viti — Viti