Samarbeid
Réseau Art Nouveau Network
Viti avdeling for kunst er en aktiv bidragsyter til Réseau Art Nouveau Network. Nettverket legger til rette for forskning på, og bevaring av, jugendstilarven for kommende generasjoner.
Les meirSkjul
Siden oppstarten i 1999 har Réseau Art Nouveau Network gjennomført en rekke samarbeidsprosjekter inkludert omreisende utstillinger, publikasjoner og seminarer. Målgruppen for dette formidlingsarbeidet er bred og strekker seg fra barn til voksne, og fra nybegynnere til forskere og andre profesjonelle. Nettverket har sekretariat i Brussel og har i dag medlemsinstitusjoner i mer enn tjue byer og regioner med en rik jugendstilarv, hovedsakelig i Europa.
Gjennom medlemskapet har museet opprettet kontakt med fagfolk i en lang rekke land, fått dele erfaringer og kunnskaper og – ikke minst – gjort norsk jugendstil kjent i en internasjonal kontekst. I 2014 sikret samarbeidet innpass i Cultural Route of the Council of Europe. En sertifisering som Europarådet tildeler nettverk som fremmer den europeiske delte kultur, historie og minne.
Kystverksmusea
Viti er ein del av Kystverkmusea, etatsmuseet til Kystverket. Kystverkmusea er basert på eit fagleg, økonomisk og organisatorisk samarbeid mellom Kystverket som statleg etat og fem sjølvstendige museumsinstitusjonar. Desse institusjonane er Lindesnes fyr, Jærmuseet, Viti, Museum Nord og Museene for Kystkultur og gjenreising i Finnmark.
Les meirSkjul
Vi er eit museum med heile landet og Kystverket sitt verkefelt som arbeidsområde. Dette omhandlar historie, kulturminne og kulturarv knytt til fyr og sjømerke, hamner, farleier og kanalar, losing, moderne trafikkovervaking og miljø- og tryggingsberedskap.
Viti har eit særleg fagleg ansvar for å dekke Kystverket si verksemd knytt til fyr og sjømerke.
Hjå Viti kan du vitje Dalsfjord fyrmuseum og Fiskerimuseet i Ålesund for å oppleve meir av historia.
For meir informasjon: www.kystverkmusea.no
Forskingsprosjektet Borgundkaupangen
Viti deltek i forskingsprosjektet til Universitetet i Bergen, Borgundkaupangen. Dette er eit arkeologisk og tverrfagleg forskingsprosjekt om veksten og fallet av Borgundkaupangen på Sunnmøre, ein liten by i periferien i Europa.
Les meirSkjul
I middelalderen var Borgund ein av berre seksten byar i Noreg. Byen strekkjer seg attende til vikingtida og forsvinn i seinmiddelalderen.
Borgund er kjend frå skriftlege kjelder og omfattande arkeologiske undersøkingar.
Lite grunnforsking er gjort på kjeldematerialet, men gjennom tverrfagleg undersøkingar vil vi no sjå på dei økonomiske og kulturelle føresetnadene for at Borgund oppstod og forsvann. Borgundsamfunnet skal studerast i eit samanliknande perspektiv; det som skjer i Borgund, skal sjåast i lyset av Noreg og Europa i samtida. Målet for prosjektet er å gje ny innsikt i livet i eit lite bysamfunn i den europeiske periferien og rolla slike småbyar spelte - på storsamfunnet si scene.
Fogderifylket Møre og Romsdal - eit forestilt felleskap?
Møre og Romsdal er kjent for å vere eit «fogderifylke». Implisitt i dette omgrepet ligg at det har vore, og at det framleis finst, ei rekke utfordrande konfliktar mellom dei tre tidlegare fogderia, Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre.
Les meirSkjul
For å få vite meir om kva som ligg i omgrepet «fogderifylke», og å avdekke om, og i så fall på kva for område slike konfliktar framleis kan sporast, er dei tre regionmusea og Nynorsk kultursentrum i gang med eit felles forskingsprosjekt. Prosjektet skal munne ut i ein fagfellevurdert publikasjon, som vert lansert i 2022. Publikasjonen vil innehalde artiklar med ulike tema; tema som kvar på sitt vis sett søkelys på identitetar, kultur, brytingar og samarbeid, både i tidlegare tider og i dag.
Blant bidragsytarane til publikasjonen, kjem tre frå Viti: Tove Lande, Ingvil Eilertsen Grimstad og Ivar Gunnar Braaten.
Kystpilegrimsleia
Borgund er nøkkelstad langs Kystpilegrimsleia mellom Stavanger og Nidaros. I mellomalderen var Borgund den største kyrkjestaden mellom Bergen og Trondheim. Staden var stopp for pilgrimar som reiste sjøvegen mot Nidaros. Middelaldermuseet ligg i Borgundkaupangen der det er gjort arkeologiske funn frå den gamle handels- og kyrkjestaden. Utstillingane viser hustufter in situ og området er skilta. Dagens Borgund kyrkje er bygd på murane etter Peterkyrkja frå mellomalderen.
Les meirSkjul
Kystpilegrimsleia vart godkjend som offisiell pilegrimslei i 2018. Borgund har eit særleg ansvar for Valldalsleia. Valldalsleia følgjer Olav den heilage si fluktrute frå Valldal og over fjellet til Lesja og Dovre. På Sunnmøre har vi også nøkkelstadane Herøy gamle kyrkjestad og Giske.
Det regionale pilegrimssenteret ligg på Smøla. Senteret skal hjelpe pilgrimar, næringsliv, organisasjonar og nøkkelstadene i dei to fylka Møre og Romsdal og Trøndelag.
Prosjektet er eit verdiskapingsprosjekt med støtte frå Riksantikvaren. Det er eit samarbeid mellom museum, fylkeskommunar og kommunar, Den norske kyrkja og reiselivet. Målet er å skape eit autentisk nettverk og reiselivsprodukt for moderne pilgrimar, basert på den gamle hovudfartsåra for pilgrimar til Nidaros. Langs heile kystleia finn vi kyrkjer og heilagstader, spor etter den tidlege kristninga av landet, kongsgardar og tingstadar, gamle handelstadar og fyrstasjonar, i tett sameksistens med dagens kystsamfunn.
Lenker:
Giske Pilegrimsleden | Giske
Herøy gamle kyrkjestad Pilegrimsleden | Herøy med Herøy gamle kyrkjestad og Herøy museum
Valldalsleden Pilegrimsleden | Valldalsleden
Regionalt pilegrimssenter Smøla Pilegrimsleden | Regionalt pilegrimssenter Smøla