Sunnmøre museum

Båtsamlinga

Foto: Marius Beck Dahle
Foto: Marius Beck Dahle

Kom å sjå ei av landets største båtsamling!

Det er gjort mange funn på Sunnmøre som fortel om båtbygging i Noreg og i Norden, frå tidleg jernalder fram mot vikingtid. Nokre funn har vi berre ei forteljing om, andre funn er så komplette at båtane kunne rekonstruerast.

Båten var viktig i fisket, til å frakte varer med og for å komme seg fram på sjøen. Det tok lang tid før ein fekk bygd vegar mellom bygdene. Sjøen var vegen. Framleis er fisket og verksemd tilknytta dette, ryggraden i næringslivet på Sunnmøre.

Velkomen til ei vandring i båthallen!

Vikingskipet Borgundknarren. Foto: BBC
Vikingskipet Borgundknarren. Foto: BBC

Vikingskipet Borgundknarren

Les meir

Knarren, “hafskipet” som dei kalte han, segla i nære og fjerne farvatn i vikingtid og tidleg mellomalder.

Ein kraftig båt, som kunne frakte tung last i stor sjø. Knarrane tok nybyggjarar frå Noreg over havet til Island og Grønnland, og frakta tørrfisk, huder og skinn til fjerne hamner.

Borgundknarren er ein kopi av eit seglskip bygd på Vest-landet i 1025, funne i Roskilde fjord. Han er bygd av Sigurd Bjørkedal og søner, og vart sjøsett i 1993. Erfaring frå mange generasjonar båtbyggjarar er lagt inn i skipa som vert bygd i Bjørkedalen. På Sunnmøre museum blir båten nytta i formidlinga. Han ligg ved kai om sommaren og i båthallen om vinteren.

  • Lengd: 15,9m
  • Bredde: 4,8m
  • Segl: ca 90 m2
  • Datering: 1025
  • Skrog av furu. Kjøl, stemner, botnstokkar og kjølsvin av eik.
Gokstadfæringen. Foto: Siw Solvang / Viti
Gokstadfæringen. Foto: Siw Solvang / Viti

Gokstadfæringen

Les meir

Gravhaugen på garden Gokstad ved Sandefjord er ein av dei største i landet. I tillegg til det store Gokstadskipet vart det funne tre småbåtar i haugen. Gokstadskipet og småbåtane er datert til om lag 900 e.Kr.

Småbåtane viser handverk av høgste kvalitet. Kanskje var desse småbåtane eit steg på vegen vidare mot seinare tiders færingar.

Kopien av Gokstadfæringen er bygd av Sigurd Bjørkedal og er ei gåve til Sunnmøre museum frå familien Liaaen, eigarar av skipsverftet A. M. Liaaen i Ålesund.

Kvalsundskipet og Kvalsundbåten. Foto: Marius Beck Dahle / Viti
Kvalsundskipet og Kvalsundbåten. Foto: Marius Beck Dahle / Viti

Kvalsundskipet og Kvalsundbåten

Les meir

Frå myra på Kvalsund dukka det i 1920 opp eit skip og ein båt. Funnet vart tolka som eit myroffer frå 600-talet og ikkje ei gravlegging.

Fartøya var demonterte, delvis brotne i stykke og lagt etter eit visst mønster. Berre eit par årar, styret og eit tverrband var nokolunde heile. Nokre av bitane har vorte skada av brann før dei vart nedlagt. Mange av årane og fleire lange bitar av båtborda var stukke ned i torva. Få gjenstandar vart funne; ei pil, litt av ei treskål, ein ropert og ein bunt av nesle.

Ned gjennom funngropa var det også stukke loddrette tilspissa stokkar av lauvtre med barken på. Det kan tyde på ei rituell handling etter eit visst mønster, der jarn og metall ikkje skulle brukast. Ny forsking og vitskapleg teknologi daterer funnet til tidleg vikingtid, 780-800 e.Kr.

Utgravinga vart gjort av arkeolog Haakon Shetelig, og båtane vart rekonstruerte som teikningar av skipsingeniør og -konstruktør Fredrik Johannessen. I båthallen på museet kan du sjå tolkingar i full skala av fartøya, bygd av Sigurd D. Bjørkedal.

Kvalsundskipet

  • Lengd: 18m
  • Breidde: 3,2m
  • Datering: 690 e.Kr. +/-70 år
  • Skrog av eik. 20 årer.

Kvalsundbåten

  • Lengd: 9,65m
  • Breidde: 1,5m
  • Datering: 690 e.Kr. +/-70 år
  • Skrog av eik, spant av furu.2 årepar. Den rekonstruertebåten har 3 årepar.

Fjørtoftbåtane. Foto: Line Iversen / Viti
Fjørtoftbåtane. Foto: Line Iversen / Viti

Fjørtoftbåtane

Les meir

Ein gong kring 900-talet e.Kr. sette folket på Fjørtofta desse båtane ned i myra på Marsteinneset.

Den store først, den lille bakom. Dei fylte den største båten med stein. Bak båtane slo dei fire furupålar ned i myra. Framfor båtane la dei ein open ring av steinar med ein stor kvit stein i midten. Foran steinringen slo dei ned ein furupåle til. Vi trur dette var ei offerhandling. Kven var desse folka? Kva gudar ofra dei båtane til? Kvifor gjorde dei det?

Utgravinga av båtane vart gjort av arkeologen Per Fett i 1941. Båtane vart rekonstruerte av Bernhard Færøyvik. Dei utstilte båtane er rekonstruksjonar, bygde av Sigurd Bjørkedal.

Den store Fjørtoftbåten

  • Lengd: 9,86m
  • Datering: 860 e.Kr. +/-90 år
  • Skrog av eik. 12 årer.


Den lille Fjørtoftbåten

  • Lengd: 5,72m
  • Datering: 860 e.Kr. +/-90 år
  • Skrog av furu. 2 par årer.
Trerøring og åttring. Foto: Line Iversen / Viti
Trerøring og åttring. Foto: Line Iversen / Viti

Trerøring og åttring

Les meir

TRERØRING - MØRINGSBÅT
Denne båten er om lag 14 båtalnar langs etter ripa. Han er truleg bygd i 1890-åra. Båten er rigga med luggersegl eller sjassesegl, som det ofte vert kalla (av fransk chasse-marèe, marinesegl) noko som var vanleg på slike båtar.

Trerøringen av møringstypen kunne roast av tre mann med kvart sitt årepar liksom sunnmørs-trerøringane. Men båten var lettare å segle enn dei gamle snidbetningane.

ÅTTRING - SUNNMØRSBÅT
Dette er den einaste gjenværande av dei opprinnelege sunnmørsåttringane. Han kom til Aalesunds Museumi 1911, frå gardbrukar Peter T.Rødsethol i Borgund. Båten er bygd i første halvdelen av 1800-talet.

Åttringen var den største av dei opne sunnmørsbåtane. Ein åttring kunne vere 12-15m lang, med fem årepar og eit mannskap på 7-8 mann. Åttringen var ein havgåande båt og vart nytta i vintertorskefisket og i fiske sommarstid på Storegga.

Båten har asymmetrisk råsegl, “sneisegl”, som var om lag tre gongar så breitt i underliket som oppe ved råa. Seglet var veleigna til segling i bidevind og var berekna for lange strekk mot nordvest til fiskebankane. Åttringane var i bruk som fiskebåtar fram til starten på 1900-talet.

Seksring og stormøring. Foto: Line Iversen / Viti
Seksring og stormøring. Foto: Line Iversen / Viti

Seksring og stormøring

Les meir

SEKSRING - MØRINGSBÅT
Denne seksringen hadde gaffelrigg med storsegl, toppsegl, fokke og klyver. Båten er bygd i Volda, men vart brukt på Ona og Sandøya ytterst påRomsdalskysten. Det var mange frå Romsdal som kjøpte seg båt på Sunnmøre. Seksringane og åttringane vart rekna for havfiskebåtar Seksringane vart rodd av fire mann, med kvart sitt årepar. Ein mann satt ved roret.Båten er om lag 20,5 båtalnar langsmed ripa (1 båtalen = 55cm).

STORMØRING - MØRINGSBÅT
Båten er ein åttring av møringstypen. Han er bygd på Valkve på Godøya i 1895. Dei største møringsbåtane hadde to master. Denne båten er utstyrt med gaffelrigg med storsegl, fokke og klyver på stormasta, og mesansegl på mesanmasta bak i båten.

Etter kvart som sunnmørsfiskarane skaffa seg dekksbåtar og motorbåtar, vart mange møringar selde nordover til Trøndelag og Nordland. Denne båten vart seld i 1898 til Erik Sandvik på Jøa i Nord-Trøndelag, og nytta til fiske utanfor Gjeslingane og Nordøyane utanfor Rørvik heilt til motor- båtane tok over. I 1906 vart båt og mannskap bergagjennom eit dramatisk uvær der 35 menneske kom bort.

Båten vart kjøpt attende til Sunnmøre av museet i 1937. Eigaren då var Jørgen E.Ramstad, svigerson til Erik Sandvik. Båten hadde då lenge vore nytta til vedtransport.

Notbåt og spelbåt. Foto: Line Iversen
Notbåt og spelbåt. Foto: Line Iversen

Notbåt og spelbåt

Les meir

Desse båtane kjem frå Årset notlag i Austefjorden, Volda. Dei var i bruk til opp i 1930-åra. Notbåten er truleg bygd på Årsetøya i 1850-åra av Elias Jonson Aurstad. Spelbåten er bygd noko seinare.

Det var vanleg at naboar gjekk saman i notlag. Årset notlag eigde båtane og nota på 60 favner. Notlaget bestod av 7 heil-lottar (lott=andel) og 4 halv-lottar. Heil-lottingane skulle stille med to mann og halv-lottingane med ein, når det var sild i fjorden. Utbyttet vart fordelt etter kor mange lottar ein eigde.

Til notfiske nytta dei to båtar. Den største vart kalla “notbåt”, den minste “spelbåt”. I den breie bakskuten på notbåten låg nota klar til setting. Dei rodde rundt sildestimen med begge båtane, og nytta spela (ein vinsj) til å hale inn notarmane.

Dory. Foto: Line Iversen / Viti
Dory. Foto: Line Iversen / Viti

Dory

Les meir

Denne doryen er bygd i Volda av Per Kile. Båten vart nytta om bord i fiskebåten “Nornen” som hadde tre slike doryar stabla på dekk. Større fartøy hadde 4-6 slike båtar.

Ein dory er ein flatbotna, klink-bygd lettbåt nytta til linefiske. Linefiske med dory var ein amerikansk fiskemåte. Joakim Andersen frå Ålesund skal ha hatt med seg ideen heim frå Amerika i 1876. Doryar vart nytta av seglskøytene. Doryane var stabla på dekk. På fiskefeltet vart dei sjøsett, og nytta til å sette og drage line.

Det vart slutt på bruken av dory under første verdskrigen, fordi dei nye motorbåtane var lettare å manøvrere og kunne nyttast til både setting og draging av line. Mange doryar vart seinare nytta som livbåtar.

Klegg. Foto: Line Iversen / Viti
Klegg. Foto: Line Iversen / Viti

Klegg

Les meir

Med sine 22 fot, var Klegg eitt av dei minste fartøya som tok seg over til Shetland under krigen 1940-45. I august 1941 drog 6 mann og ei kvinne over Nordsjøen for å vere med og kjempe mot nazi-Tysklands okkupasjon av Noreg.

Denne båten er frå Herøy.

Ein klegg er ein vanleg einmanns motorfiskebåt frå mellom- krigstida (1920 - 1940-åra). Mange gardbrukarar som ikkje deltok i industrialiseringa av fisket, brukte slike båtar i torskefiske og heimefiske til å skaffe seg attåtinntekt og fisk til eige forbruk. Kleggane er forløparane til plastsjarkane, som framleis er i bruk til heimefiske langs norskekysten.

Fleire båtar og fleire historier får du på oppdagingsferd i båthallen. Velkomen! Foto: Viti
Fleire båtar og fleire historier får du på oppdagingsferd i båthallen. Velkomen! Foto: Viti