Tid for lefser!
Bak lefser saman med våre formidlarar. Sjå framgangsmåte på Viti YouTube.
Scroll deg nedover sida her og finn utstyrsliste og oppskrift.
Oppskrifta er vi så heldig å ha fått av vår gode museumsven og driftige bakstedame, Torhild Remme. Tusen takk - dei smakar fantastisk!
God bakst!
Baksteutstyr
Det kan vere greit å finne fram alt av utstyr som du treng, før du byrjar å bake:
- Bakebolle
- Takke
- Klipp ut ein sirkel like stor som takka. Her kan du gjerne bruke tjukt gråpapir eller papp (eks. målarpapp), voksduk, lerret. Poenget med dette er at når du kjevlar ut lefsa så skal ho ikkje setje seg fast til underlaget. I tillegg skal du «snurre» underlaget etterkvart som du kjevlar ut lefsa
- Gramvekt
- Djuptallerken til bakstemelblanding
- Rutakjevle
- Bakstepinne
- Kost med naturbust til å koste mel av takka. Her kan du òg nytte vanleg tørkepapir
- Sprutflaske
- Kjøkkenhandkle (fleire) eller laken. Desse skal bløytast. NB! Vask handkle og laken i parfymefri vask for å unngå smak på lefsene
Ingrediensar til ca 22 leivar
- 1,5 kg kveitemjøl
- 1 liter kulturmjølk
- 125 gr soft margarin
- 2 ss (strøkne) hornsalt
- 1 ts (toppa) bakepulver
- 1 (ca 1,5 dl) kopp sukker
- Byggmjøl eller semulegryn til breiemjølet (når du skal kjevle ut lefsa)
Framgangsmåte
- Bland saman sukker og margarin (bruk mixmaster)
- I ein bakebolle med ca. 1 kg kveitemjøl tilsettast smør/sukker-blandinga
- Rør ut bakepulver og hornsalt i kulturmjølka – og rør dette inn i deiga
- Rør varsamt saman
- Tilset ekstra kveitemjøl til passe deig – ikkje for klissete men heller ikkje for fast. Resten av kveitemjølet brukar du i breiemjølet
- Trill ut ei pølse av deiga og del opp i emner. Kvart emne skal vere ca 120 gram (passar til ei takke på 46 cm i diameter). Trill ut kvart emne til ein bolle (utan sprekker), klapp bollen litt saman og legg den under plast.
Når du skal kjevle ut emnet:
- Dypp emnet først i breiemjølet. Bland saman i ein djuptallerken 50/50 byggmel (eller semulegryn) og kveitemjøl. Dette gjer at lefsa ikkje sett seg fast på underlaget når du skal kjevle ut
- Form emnet litt større i handa
- Dryss breiemjøl på bakeunderlaget og kjevl forsiktig med rutakjevle. Snu leiven ofte i starten
- Takka skal stå på 6,5 (på ei takke med opptil 8). Lefsa skal steikast på begge sider
- Legg lefsa på eit vått handkle. Spray ho med vatn, og legg eit handkle over
Om ein vil kan ein smøre lefsene og legge dei i frysaren, klar til servering. Legg matpapir mellom kvart lefselag og pakk inn porsjonane i plastfolie. Nokon likar smør og sukker, andre vil kanskje også ha litt kanel på.
Er du ikkje glad i «sukkerknas», kan du nytte smørkrem med melis:
Smørkrem til ca 25 lefser
- 500 gr melis
- 200 gr soft margarin – romtemperert
- 200 gr meierismør – romtemperert
- Om ein vil ha ein smak av kanel – tilsett 1 ts kanel
- Rør saman til kremen vert kvit, lett og luftig
Og her finn du oppskrifta om du vil skrive den ut