Sunnmøre museum

En jente krøllete hår står i et trangt biblioteksmiljø og holder et telefonrør. Personen har på seg lys pelsjakke, gul topp, svarte bukser og rosa veske. Bokhyller og informasjonsskilt i bakgrunnen.
vart-hvitt-fotografi av et barn som står ved et nettinggjerde på en pelsdyrfarm. En mink sitter på bakken foran gjerdet, mens to voksne personer står i bakgrunnen.
Innvendig i et tomt pelsdyrhus med lange rekker av nettingbur på begge sider av en smal gang. Treverk og metallkonstruksjoner i taket, med lys fra åpningen i enden av bygget.
Svart-hvitt-foto av en rekke små inngjerdede bur på en slette ved en fjord, med snødekte fjell i bakgrunnen.
To menn iført lange frakker med pelskrager poserer for kamera i et gammelt svart-hvitt fotografi.

Sunnmøre museumÅlesund

Utstillingsopning: Pelstid

Velkomen til opning av utstillinga PELSTID – ei utstilling om norsk pelsdyravl si om lag 100 år lange historie, med utgangspunkt i lokale forhold her på Sunnmøre.

4 jun., kl. 17:00 – 18:30

I 2025 vart pelsdyrnæringa avvikla i Noreg. Bøndene på Sunnmøre var pionerar dei første tiåra og har vore med heilt til næringa vart forbode.

Spora etter næringa kan vi framleis sjå i landskapet, hos menneska som jobba i næringa, i klesskapet, på bilete og i arkiv. Ho er ein del av den immaterielle kulturarven på Sunnmøre.

Plagg av pels frå dyr har kledd menneske i tusenvis av år.

Utover 1800-talet vaks etterspurnaden og fangstmetodane vart betre. Fangsten vart eit trugsmål mot bestandane.

På 1880-talet starta Charles Dalton å fange vill sølvrev i Canada og halde dei for pelsen sin del. I Noreg prøvde ein først å fange både rev, ekorn, røyskatt og mår utan å lukkast med å få dei til å yngle i fangenskap.

I 1913 kom dei første sølvrevane til Noreg og Europa frå Canada. I løpet dei neste åra starta mange med reveoppdrett.

I 1927 vart dei første minkane i Europa innført frå Canada til dei sunnmørske pelsgardane. I 1934 er det heile 1252 revegardar på Sunnmøre, flest i landet.

Tid: Torsdag 4. juni kl. 19.00

Inngang:
Gratis

Tilgjengelegheit: Trappefri tilkomst til utstillinga.


Utstillinga baserer seg på forsking, aktivt innsamlingsarbeid, dialog med lokale bønder, andre med tilknyting til næringa, Borgund vidaregåande skule og samarbeid i det nasjonale museumsnettverket.




Foto (1-3,5): Viti sine samlinger
Foto (4): Anders Beer Wilse / Norsk folkemuseum