Årbok for Sunnmøre 101. årgang

Årbok for Sunnmøre 2025 inneheld fleire djupdykk og svært lange reiser!
Vi markerer utvandrarjubileet med forteljinga om sunnmøringar som flytta til Sør-Afrika, og freden i 1945 med hittil upubliserte augevitneskildringar frå krigen.
Boka byr også så ekspedisjonar til Antarktis, jomsvikingar, moskus i Alaska, Fine Line - sko frå Spjelkavika, antirevolusjonære sunnmøringar, lesekunne på 1700-talet, eit forfattarmøte og historia om bygda som redda fyret på Alnes.
Her er mykje å glede seg til!
Boka kjøper du gjennom Sunnmøre historielag, eller i museumsbutikkane hos Viti; Sunnmøre museum, Jugendstilsenteret og KUBE, Naturmuseet og Møbelmuseet.
Smakebitar frå Årbok 101. årgang:

Marburg i KwaZulu-Natal –
Ei norsk busetjing i Sør-Afrika
Forfattar: Odd Sverre Lovol
Dei fleste har høyrt om utvandringa til Amerika, men det fanst andre moglegheiter. Den 14. Juli 1882 gjekk skipet “Tasso” frå Ålesund. Brorparten av passasjerane kom frå Sunnmøre, og dei hadde ei lang reise føre seg: Marburg i Sør Afrika.
Den norsk-amerikanske migrasjonsforskaren Lovoll har skrive om den mindre kjende, men fascinerande historia om dei sunnmørske utvandrarane til Marburg i 1882.
Artikkelen er vårt bidrag til utvandrarjubileet "Crossings200".

Glimt frå indre fjordstrøk.
To forteljingar frå eit okkupert Noreg
Forfattar: Markus Rønneberg
I år er det 80 år sidan freden i 1945. Då Markus Rønneberg (f. 1996) gjekk på ungdomsskulen, intervjua han to sunnmøringar som opplevde okkupasjonen: Kristine Relling frå Fjørå og Reidar Grønningsæter frå Norddal.
Kristine opplevde bombinga av Åndalsnes i april 1940, og Reidar var ein av politisoldatane som mellom anna fekk i oppdrag å arrestere Henry Rinnan.
No skal vi endeleg få lese desse verdifulle augevitneskildringane.

Om Jomsvikingslaget –
slaget som ikkje skjedde
Forfattar: Martin Furseth
Ikkje jomsvikingar likevel? Slaget ved Hjørungavåg i 986 sluttar aldri å engasjere. Det var truleg det største sjøslaget i norsk historie, og sagaene skriv at det stod mellom «jomsvikingane» og Håkon jarl den mektige.
Furseth held liv i ein av dei store historiedebattane på Sunnmøre, og spør: Var jomsvikingane, den profesjonelle krigarhæren, eigentleg med i slaget?

Der kjeldene stilnar, byrjar forteljinga.
Intervju med forfattar og historikar Aina Basso
Forfattar: Ingvil Eilertsen Grimstad
Aina Basso frå Giske er ein prislønt historikar og forfattar av historiske romanar. Aller helst tek ho tak i ekte men gløymde kvinnehistorier, som kan skremme livskiten ut av dei fleste.
Å gjere ekte liv til skjønnlitteratur er krevjande. Grimstad har intervjua henne om korleis ho får det til.

Sjeleregister, skule og lesekunne i Borgund
på slutten av 1700-talet
Forfattar:Harald Johannes Krøvel
Krøvel har leita fram ei kjelde frå 1788, eit såkalla sjeleregister.
Sjeleregistera skulle kartleggje kunnskapar om kristendom og leseferdigheiter blant sokneborna, men dei inneheldt også anna interessant informasjon: kvar folk budde, kor mange bøker folk hadde og om forholdet mellom kristen moral og praktisk kvardagsliv.
Krøvel viser også korleis kjelda kan gje oss eit gløtt inn i livsverda til einskildmenneska i Borgund i 1788.

Fra Sunnmøre til Antarktis –
Ellsworth-ekspedisjonene 1933-1939
Forfattar: Kenneth Staurseth Fåne
Visste du at fleire av mannskapet på dei berømte Wilkins - Ellsworth-ekspedisjonane til Antarktis (1933–1939) var sunnmøringar?
Amerikanaren Lincoln Ellsworth og australske sir Hubert Wilkins ville vere dei første som flaug frå kyst til kyst over sørpolhavet. Wilkins var i Ålesund og i Molde for å finne eit eigna farty for å frakte flyet. Valet fall på M/S Fanefjord, omdøypt til Wyatt Earp, og fleire av dei 29 sjøfolka var frå Sunnmøre.
Fåne tek oss med på desse ekstreme ekspedisjonane i isøydet.

Kystsamfunnet på Alnes, med perspektiv
på Alnes fyrstasjon
Forfattar:Lisa Marie Godø Oksnes
Då fyret på Alnes gjekk ut av drift,var lagnaden til fyrvoktarboligen og eigedomen usikker. Skulle eigedomane ende på private hender?
Oksnes har studert korleis lokalsamfunnet på Alnes fann saman for å ta vare på, og skape ny aktivitet i det karakteristiske kulturminnet.
Artikkelen er ein omarbeidd versjon av ei bacheloroppgåve i historie ved Høgskulen i Volda.

Ein skofabrikk i Spjelkavik
Forfattar: Ivar Gunnar Braaten
På 1960 – talet gjekk norske kvinner med Fine Line-sko, made in Spjelkavik. «Skomakar-Petter», Peter B. Spjelkavik, starta «A/S Spjelkavik trævare og træbundskofabrik» i 1918. Det var starten på ei industrisoge som skulle vare heilt til 1982.
Skofabrikken på Moa vart ein stor kvinnearbeidsplass som også hevda seg internasjonalt.
Braaten fortel om industrieventyret Spjelkavik skofabrikk.

Myra og kalken: Akademisk eller folkeleg
tradisjon? To magiske tradisjonar knytt
til ein stad og ein gjenstand på Sunnmøre
Forfattar: Oddbjørn Hofseth
Har altarkalken i Hjørundfjord magiske krefter?
Hofseth har kome over to magiske tradisjonar på Sunnmøre. Den som drakk av altarkalken i Hjørundfjorden skulle overleve i strid, og det som vart lagd i den magiske myra i Bjørkedalen skulle verte til stein. Hofseth undrar seg over kven som trudde på desse tradisjonane, og heldt dei i live?

Lisjeneset i Tjørvåg – ein prikk på kartet,
men stort i fangsthistoria
Forfattar: Kjartan Haddal
I mellomkrigstida begynte sunnmørske fangstfolk å ta med seg levande dyr i lasten. Sel, isbjørn, og moskus. Moskusen vart forsøkt utsett både på Sunnmøre og på Dovrefjell.
Haddal har vore levande interessert i temaet, og i artikkelen fortel han om den gongen i 1933 då fangstfolk frå Herøy leverte 34 (!) moskus til utsetjing i Alaska.

Sunnmørssosialisme kontra
Tranmæl-sosialisme 1918–1921
Forfattar: Oddbjørn Magne Melle
Kvifor vart ikkje sunnmøringane revolusjonære? I Årbok 100. årgang skildra Melle arbeidarrørsla før og etter ålesundsbrannen.
I denne artikkelen beveger han seg inn på 1920-talet. Dette var tida då Martin Tranmæl erobra det Norske Arbeidarparti med sin revolusjonære sosialisme. Melle undrar seg over kvifor sunnmørskollegaene hans aldri beit på?

Årboka - eitt av dei eldste lokalhistoriske tidsskrifta i landet!

Sunnmøre historielag vart etablert i 1909, og første årboka kom i 1910. Av ymse årsaker har ho ikkje kome ut kvart år, men det er ikkje langt unna.
Årboka er eitt av dei aller eldste lokalhistoriske tidsskrifta i landet.
Årbok for Sunnmøre, tidlegare Tidsskrift for Sunnmøre Historielag, er tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket sine nettsider. Her kan du søke i og lese i alle utgåvene frå 1910 til 2020.
Dei nyaste årbøkene kan kjøpast gjennom Sunnmøre historielag, eller i museumsbutikkane hos Viti; Sunnmøre museum, Jugendstilsenteret og KUBE, Naturmuseet og Møbelmuseet.

Ingvil Eilertsen Grimstad
Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kulturhistorie
917 69 356 / ingvil@vitimusea.no