Sunnmøre museum
Sunnmøre museum – Ålesund
8. – 10. trinn: Omvising «Eg var her»
Elevane blir med formidlaren på ei omvising i utstillinga «Eg var her». Her treff dei tema som: møte mellom kulturar, samfunnsutvikling, bruk av naturressursar og sosial kontroll.
Sunnmøre er som alle andre område i verda påverka av plassering, klima og menneska som har funne vegen hit og herifrå igjen. Kvar finn vi spor av denne påverkinga? Utstillinga «Eg var her» tek utgangspunkt i samfunnet, landskapet og menneska som har vore før oss.
Gjennom omvising, samtale og gjenstandane i utstillinga nærmar vi oss dei som har budd her før oss. Kven var dei? Korleis har livsgrunnlag og valmoglegheiter endra seg?
I omvisinga inviterer vi elevane til deltaking og refleksjon gjennom direkte respons blant anna på tekstveggar i utstillingsromma.
Opplegget kan og utvidast med besøk i eit eller fleire av husa i friluftsmuseet.
- Tilbod til: 8.-10. trinnet
- Stad: Sunnmøre museum
- Når: Etter avtale i museets opningstid
- Tid: 1-1,5 time
- Pris: 30 kr per elev
Museumsvegen 12
Sjå kart →

Ane Havnegjerde
Avdeling kulturhistorie: Konstituert seksjonsleiar formidling og vertskap
997 69 682 / ane.havnegjerde@vitimusea.no
