Sunnmøre museum
Sunnmøre museum – Ålesund
Eg var her - stemmene frå Sunnmøre
Sunnmøre – havlandet i nordvest – strekker seg frå ville høgfjell og djupe fjordarmar til blankskura svaberg og rike fiskefelt. I dette landskapet har menneska levd sine liv i generasjonar, i lyset eller i skuggen. Sunnmøre er også ein stad i verda. Nokon har kome, og nokon har reist herifrå.
Fast utstilling
Kven var dei? Livsgrunnlag har endra seg, valmogelegheitene har vore ulike. I utstillinga nærmar vi oss menneska gjennom ting dei har halde i, bilete av andlet, film av rørsler og lyd av stemmer. På kva måte høyrer vi stemmene deira i dag, og kva fortel dei oss?
I utstillinga inviterer vi publikum til deltaking og refleksjon.
Utstillinga er over to etasjar i museet si hovudbygning.
Det er inngang frå kafeen og tilkomst for rullestol og barnevogn.
Foto: Johan Holmquist / Haltenbanken
Nokre smakebitar av gjenstandane du finn i utstillinga:
Videoane er teksta. Klikk på symbol for tekst. Produsert av: Piotr Cabaj / IKAMR / SEDAK
Opningstider
Oktober - april
Tysdag - søndag
11-16
Mai - september
Måndag - søndag
10-17
Stengt:
1. jan, 1. mai, 17. mai, 23. - 26. des, 31. des.
Kontakt:
Sentralbord (mån-fre)
70 23 90 00
E-post
post@vitimusea.no
Prisar
Vaksen
kr 120
Gruppe vaksne (min 15 pers.)
kr 100
Student
kr 100
Barn (opp til 18 år)
Gratis
Skulebesøk pr elev
kr 30
* Eigne prisar på arrangement
Utstillinga er støtta av:
- Stiftelsen UNI
- SpareBank 1 SMN
- Sparebanken Vest
- Stiftelsen Kjell Holm
- Rådet for folkemusikk og folkedans
Museumsvegen 12
Sjå kart →

Ingvil Eilertsen Grimstad
Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kulturhistorie
917 69 356 / ingvil@vitimusea.no













