Sunnmøre museum

Gamle trebåter står utstilt i et museum, med en seilbåt med hvitt seil i bakgrunnen.

Sunnmøre museumÅlesund

Omvising Båthallen

Bli med på ei vandring i båten si historie på Sunnmøre, saman med ein av våre dyktige formidlarar. Du får sjå vikingskipskopiar, tradisjonelle fiskebåtar, og båtar med ei spanande krigshistorie. Og du får vite kva som gjer den sunnmørske tradisjonsbåten så unik.

Båten har vore heilt avgjerande for livet langs Sunnmørskysten. Det tok lang tid før det vart farbare vegar mellom bygdene. Sjøen var vegen og båt vart brukt til fiske, frakt og persontransport. Framleis er vi sterkt knytte til sjøen gjennom næringsliv og transport, kva kan båtane fortelje oss om denne utviklinga?

Båthallen har tre hovudområde:

  • Kopiar av historiske båtar frå jarnalder/vikingtid
  • Sunnmørske fiske- og bruksbåtar frå ulike epokar.
  • Båtar med krigshistorisk tilknyting

Velkomen til ei vandring i kystkultur saman med oss!

  • Stad: Sunnmøre museum
  • Når: Heile året
  • Tid: Om lag 45 min
  • Antal: Grupper opptil 30 elevar
  • Pris: 30kr pr. elev
Omvising Båthallen — Viti — Viti