Sunnmøre museum

Tre tradisjonelle tømmerhytter med torvtak står på rekke langs en grusvei i en frodig norsk skog.

Sunnmøre museum

Omvising Sunnmøre museum

Sunnmøre museum i Borgundgavlen har ei stor samling av hus og bygningar frå forskjellige epokar.

Vi inviterer til ei guida vandring gjennom tunet der du vil få eit innblikk i korleis folk på Sunnmøre har levd og arbeidd gjennom dei siste 3-4 hundreåra.

På denne vandringa vil du få sjå ei utvikling i bustandarden, frå enkle røykstover på 16-1700-talet til byhus på 1920-talet. Korleis endra eit gardstun seg i løpet av 1800-talet? Kvar budde bøndene når dei i lange periodar var på fiske? Og kva gjorde dei som var att heime? Kva er ei kyrkjebu? Korleis var skulen på 1700-talet? Og er det sant at folk på Sunnmøre er meir driftige enn andre stader?

Dette, og mykje meir, får du svar på når du blir med ein av våre dyktige formidlarar på ein rundtur i tunet.

- Tilbod til: alle klassetrinn

- Stad: Sunnmøre museum

- Når: tysdag - fredag i museets opningstid

- Tid: innanfor museets opningstid

- Antall elevar: Max 30 elevar. 

- Pris: 30 kroner per elev

Omvising Sunnmøre museum — Viti — Viti