Omvising på Sunnmøre museum

Omvising i hus og tun

Korleis levde folk på Sunnmøre for fleire hundre år sidan? Kvar budde bøndene når dei i lange periodar var på fiske? Og kva gjorde dei som var att heime?

Kva er ei kyrkjebu? Korleis var skulevesenet på 1700-talet? Og er det sant at folk på Sunnmøre er meir driftige enn andre stader?

I friluftsmuseet har vi ei stor samling av hus og bygningar frå ulike epokar. Vi inviterer til ei guida vandring gjennom tunet der du får innblikk i korleis folk på Sunnmøre har levd og arbeidd gjennom dei siste hundreåra.

Bli med på omvising med ein av våre formidlarar. Foto: Viti
Bli med på omvising med ein av våre formidlarar. Foto: Viti

Omvising i båthallen

Bli med på ei vandring i Sunnmøre si kysthistorie, saman med ein av våre dyktige formidlarar.

Du får sjå kopiar av vikingskip, tradisjonelle fiskebåtar, og båtar med ei spanande krigshistorie. Og du får vite kva som gjer den sunnmørske tradisjonsbåten så unik.

Kysthistorie i båtallen. Foto: Marius Beck Dahle / Viti
Kysthistorie i båtallen. Foto: Marius Beck Dahle / Viti

Omvising i utstillinga EG VAR HER

Sunnmøre er som alle andre område i verda påverka av plassering, klima og menneska som har funne vegen hit og herifrå igjen. Kvar finn vi spor av denne påverkinga?

Utstillinga «Eg var her» tek utgangspunkt i samfunnet, landskapet og menneska som har vore her før oss.

Bli med vår formidlar på ei omvising i utstillinga «Eg var her». Her treff de tema som: møte mellom kulturar, samfunnsutvikling, bruk av naturressursar og sosial kontroll.

Omvising i utstillinga EG VAR HER. Foto: Viti
Omvising i utstillinga EG VAR HER. Foto: Viti

Pris

Inntil 20 personar.

  • Kvardagar før kl. 16.00: Kr 2 000
  • Kvardagar etter kl. 16.00: Kr 4 000
  • Helg: kr 5 000

Bestilling privat og bedrift

Ønskjer du å bestille lokale, båttur eller omvising? Send ein e-post til:

bookingsm@vitimusea.no