Donasjonar

Viti tek kvart år imot rause donasjonar frå andre, inkludert privatpersonar, både pengegåver og gjenstandar. Dette er viktige tilskot til musea for å ta vare på kulturarv og kunst for framtida.

Oversikt over donerte gjenstandar finn du i Viti sine årsmeldingar.

Ønskjer du å donere ein gjenstand?
Viti får mange førespurnadar frå personar som ønsker å donere gjenstandar til musea. Vi er svært takksame for alle donasjonar som bidreg til å utvikle museets samling og styrkar kulturarven vår.

Vi er spesielt interessert i gjenstandar frå nyare kystkultur, men vil gjerne vurdere alle typar frå alle periodar.

Kva gjer du for å donere?
Har du ein gjenstand du ønsker å donere til Viti sender du ein e-post til post@vitimusea.no

For å auke den kulturhistoriske verdien er det viktig å få mest mogleg informasjon knytt til gjenstanden:

  • Beskriv gjenstanden og legg ved bilde
  • Kvar er den brukt (stad), av kven (namn) og periode (årstal)
  • Kven har laga den (namn på produsent) og kvar er den laga (stad)

Behandling av førespurnad
Viti sin inntakskomité behandlar alle førespurnadar og tek stilling til gjenstanden i høve til vår samlingsplan.

Vurderingsprosessen blir utført i samsvar med ICOM ( International council of museums) sitt etiske regelverk.

Inntakskomiteen har behandlingstid på inntil ein månad.

Ved inntak blir gjenstanden enten innlemma i Viti si samling eller brukt i formidling som rekvisita. Vi er interessert i gjenstandar til begge kategoriar.

All overlevering av gjenstandar skjer berre etter avtale gjort med Viti. Det er svært skjeldant at musea kjøpar eller betalar for gjenstandar.

Donasjonar

Har du ein gjenstand eller ei gåve du ønsker å donere til Viti? Send ein e-post til:

post@vitimusea.no