Kunnskap

Viggotragedien 21. februar 1942

LAURDAG 21. FEBRUAR 1942
Skipper Ole Dyrøy på motorkuttaren «Viggo» låg ved Roaldbua i Einevika på Gåseid. Han venta på flyktningar som skulle førast ut til Hustruhamna på Valderøya.

Herifrå skulle dei vidare til Godøya for å vente på frakt vidare til Shetland, truleg med motorkuttaren «Heland». Møtetidspunktet var avtalt til kl. 03.00 natt til søndag.

Bakgrunnen

Det var Walle-gruppa i Ålesund som organiserte flukta. Leiaren for gruppa var politimannen Thoralf Walle. Men Walle-gruppa var infiltrert av to personar frå Rinnan-banden – Sonderabteilung Lola, som Henry Rinnan var leiar for.

Gruppa var ein del av etterretningsverksemda til det tyske Gestapo.
Rinnan hadde i oppdrag å rulle opp den største flyktningorganisasjonen på Vestlandet. Infiltrasjonsframstøyten førte Rinnan og medhjelparane hans til Ålesund.

Til saman 29 flyktningar skulle om bord i «Viggo». Dei fleste var frå Oslo-området, men det var også fleire frå Ålesund og Sunnmøre som låg i dekning i Ålesund og venta på båt. Det gjorde også Bjarne Jenshus og Ingvar Ålberg frå Trondheim, som var Rinnans menn.


Flukta

Gestapo kjende datoenfor flukta, 21. februar, men ikkje fluktruta, og låg klar til å rykke ut. Straks englandsfararane rørte på seg, skulle dei skyggast med bil. Alle styrkar skulle varslar per telefon.

Slik rekna dei med å sirkle inn båten. Når alle var om bord, skulle dei slå til. Tilfellet gjorde at dei mislukkast. Bilen punkterte og køyrde i grøfta. Styrkane vart ikkje varsla tidleg nok fordi telefonkioskane var låste.

Englandsfararane vart på si side forseinka av kontrollar i Nørvasundet og på Gåseid, men kom seg om bord i «Viggo». I ly av nattemørket gjekk «Viggo» ut fjorden, tvers over skipsleia og inn Gjøsundet mellom Valderøya og Vigra. Her gjekk båten på grunn. Det tok tid å kome seg av grunna. Båten vart så forseinka at det var uråd å nå fram til møteplassen i Hustruhamna til avtalt tid. «Viggo» måtte gjere vendereis, og gjekk tilbake til Ellingsøyfjorden.

Båten var tilbake ved Roald-bua i grålysninga. To personar gjekk i land for å skaffe mat og gjere nye avtalar. For å kome betre i skjul, ankra båten opp i Dødmannsvika, søraust for Lerstadholmen. Fire vart sette i land ved Dødmannsvika. Blant desse var Jenshus og Ålberg, som dermed fekk varsle Henry Rinnan.


Arrestasjonane

Om morgonen 23. februar opna Gestapo maskingeværeld mot «Viggo» og båten vart omringa av tyske patruljebåtar. Henry Rinnan og hauptsturmführer Holach gjekk om bord i «Viggo». Ankertauet vart kappa og båten slepa ut til Ålesund, der dei som var om bord vart førde i land. Walle-gruppa vart samtidig sprengt. Englandsfararane vart stilte opp i rådhuset saman med kameratane frå land. I alt 52 personar vart arresterte i denne aksjonen.

Ankeret
Då «Viggo» vart teken i arrest og ført til Ålesund, vart ankertauet kutta. I 1996 drog Paul Ørskog opp eit anker med garna sine ved Lerstadholmen. Norris Stenseth, som kjende båten godt, har stadfest at dette er ankeret til «Viggo». Ankeret blei gitt til Sunnmøre Museum i 2007.


Følgjande personar om bord i«Viggo» vart skotne av Gestapo på Trandum 30. april 1942:

  • Ole Dyrøy, skipper, Borgund, Ålesund.
  • Ole Kjeldsberg, Ålesund.
  • Bjarne Olsen, Ålesund.
  • Harald Dølerud, Oslo.
  • Kåre Angel Elgenes, Bolsøy.
  • Per Fillinger, Oslo.
  • Jacob Friis, Oslo.
  • Andreas Gjertsen, Oslo.
  • Leonard Godager, Oslo.
  • Arne Grønn-Disch, Tønsberg.
  • Alfred Larsen, Oslo.
  • Ole Lützow-Holm, Oslo.
  • Einar Mjølhus, Stavanger.
  • Leif Bye Nielsen.
  • Jesper Kjell Næss, Nes i Ådal.
  • Birger Osland, Vermedal.
  • Magnus Tuntland, Hjelmeland.
  • Peter Young, Oslo.
  • Lars Dannevig, Oslo, blei slått i hel under avhøyr på Misjonshotellet i Trondheim.

Desse vart fengsla:

  • Thora Johanne (Ebba) Borch-Nielsen, Oslo. Sett fri frå Grini etter fire månader.
  • Ruth Møller Hansen, Ålesund. Sett fri frå Falstad i mars.
  • Sigurd Evensmo, Oslo. Sett fri i juleamnestiet i 1943.
  • Gustav Adolf Johnsson. Sett fri frå Trandum fordi han var svensk statsborgar. Døydde seinare på Grini.

Viggo
Fiskekuttaren «Viggo» vart bygd i Bjørkedalen i 1916 for folk i Sande kommune. Båten fekk registreringsnummeret M 85 S. Båten var 40 fot lang, 13 fot brei og hadde ein motor på 14 hestekrefter. «Viggo» hadde fleire eigarar. Ole og Johan Dyrøy kjøpte båten i 1938. Då fekk båten nytt registreringsnummer M 47 B.





ENGLANDSFARTEN

Englandsfarten hadde utgangspunkt fleire stader langs Vestlandskysten. Alt medan krigshandlingane i Noreg framleis var i gang, la dei første båtane av garde. Om bord vart det ofte unge menn som hadde teke del i kampane, og som ville halde fram kampen mot tyskarane saman med dei allierte. Etter kvart som det vart klart at okkupasjonen kom til å vare, var det mange som drog ut for å vere med på å byggje opp militære avdelingar i Storbritannia. Det var ofte såkalla eksportgrupper som organiserte overfarten. På grunn av at fleire av desse vart avslørte av tyskarane, vart det slutt på denne trafikken i 1942. Med om lag 300 fartøy, frå robåtar til fiskeskøyter, klarte meir enn 3000 personar å kome seg unna okkupasjonsmaktene. Men ikkje alle nådde fram. Både uvêr og åtak frå tyske skip og fly kravde sine offer: 16 båtar totalforliste, 137 personar omkom.

M/K «HELAND» OG KRIGEN
Frå november 1941 til slutten av februar 1942, gjekk «Heland» fleire turar med flyktningar frå Sunnmøre til Shetland. Frå 1942 gjekk «Heland» inn i Shetlandsgjengens flåte av fiskefartøy som opererte langs norskekysten. Båten gjekk med våpen og ammunisjonslast, eller frakta Linge-folk og andre frå motstandsrørsla fram og tilbake over Nordsjøen. I 1943 vart «Heland» og dei andre båtane avløyste av moderne ubåtjagarar, bygde i Amerika: «Hessa», «Hitra» og «Vigra».



Av: Ivar Gunnar Braaten, historikar.

Viggotragedien 21. februar 1942 — Viti — Viti