Boktips! BUHOLMEN - ålesundshistorie under asfalten og på museum

Bli med på reise gjennom bydelen Buholmen si historie: frå dei første husa, eit tragisk forlis, bybrannen, draumen om Amerika, julefeiring, hestekrefter under panseret og eit lass med asfalt. Og heilt til slutt, ei kronglete reise til Sunnmøre museum.
På Sunnmøre museum står eit kvitt trehus - Dybhuset. Huset er frå Buholmen, ein bydel i Ålesund som forsvann med utbygginga av innfartsvegen i 1978.
Buholmen fekk sine første innbyggarar på 1830-talet. Dei fleste kom frå bygdene, og var med på den veldige ekspansjonen av kystbyen Ålesund. Det vart 150 år med levde liv som no er omkransa av tidskapselen, og som også er ei forteljing om byen og Noreg.
Boka «BUHOLMEN - Ålesundshistorie under asfalten og på museum» kjøper du i museumsbutikken!