Frivilligheit

Frivillig i Viti
I Viti utgjer dugnadsgrupper og veneforeiningar ein viktig del av arbeidet med å ta vare på og formidle kulturarven vår.
Samstundes er det sosialt og kjekt å vere i lag med andre med same interesse. Her kan det bli påfyll av både kunnskap og vennskap.
Og du - her er det rom for alle, i alle aldrar, med ulik bakgrunn, for den som kan mykje om litt - eller litt om mykje! Blir du med?
Skroll deg ned og finn den frivilliggruppa som passar deg best:
MK Helands venner
Meir informasjon om MK Helands venner og kontakt:
Les meirSkjul
Venneforeining for fiskekuttaren M/K Heland, bygd i 1937. Båten vart vart bygd som fiskebåt og vart nytta til fleire typar fiskeri. Likevel er det rolla som “shetlandsbuss” under dei dramatiske krigsåra, som gjer båten mest særmerkt. Gruppa møtast om bord kvar tysdag og jobbar både med vedlikehald, formidling og dei planlegg og deltek på arrangement og turar.
M/K Heland er verna gjennom Riksantikvaren.
Vil du vite meir om oss?
Send gjerne ein e-post til
- Leiar: Knut Myklebust.knut.mathias.myklebust@alesund.kommune.no
- Kontaktperson i Viti: Marie Vermersch Marie.Vermersch@vitimusea.no
Vil du melde deg inn?
Fyll ut dette skjemaet
"MK Helands venner"
ved Knut Mathias Myklebust, leder for vennelaget, 2025.
Les meirSkjul
Stiftelsesdato for foreningen er noe uklart, men 1978 er trolig året. Det foreligger vedtekter for foreningen av 7.mars 1978. Formålet med Foreningen MK Helands venner er, i samråd med Sunnmøre museum som eier båten og tilhørende utstyr:
- Sikre bevarelsen av båten for ettertiden.
- Bygge kaianlegg/ sjøbod for båten til omvisningsformål.
- Skaffe tilveie utstyr som var om bord i båten i perioden 1940-1945.
- Skaffe tilveie utstyr fra MK Helands mangeartede fiskeri.
- Skaffe båten permanent oppbevaringshall.
- Samle og formidle kulturhistoriske opplysninger om MK Heland
Foreningen virket fram til båten ble sendt til Nordheimsund og Hardanger Fartøyvernsenter for restaurering i 1994.
Da båten kom tilbake fra Hardanger i 1997, ble det avholdt et møte og valgt et arbeidsutvalg som skulle blåse liv i venneforeningen igjen. Møtet ble avholdt, nytt styre ble valgt, og 1.mars 1999 gjenoppsto venneforeningen Helands venner.
Siden har foreningen hatt jevnlige dugnader av forskjellig karakter, til faste ukentlige tider.
Mye arbeid gjensto da båten kom fra Hardanger. Her kan nevnes rigging, rekkestøtter, montere vinsj med mye mer.
Det ble en fin og trofast gjeng på 10-12 mann som vedlikeholdt båten med kyndig ledelse av museets håndverker og skipper Per Weddegjerde.
Båten ble benyttet av venneforeningen for å representere Sunnmøre museum ved markeringer av diverse slag langs kysten. Den deltar på båtfestivaler, Kystens landsstevne, fiskerimessa i Trondheim og den har besøkt Nordsjøfartmuseet i Telavåg. MK Heland har også blitt benyttet i forbindelse med den Kulturelle skolesekken.
Venneforeningen fikk i 2001 oppdraget med å frakte stein fra kommuner langs kysten som hadde falne eller omkomne i forbindelse med nordsjøfarten under 2WW. Vi gikk da sørover og fikk om bord kasser med stein fra forskjellige kommuner og fraktet de til Scalloway i Skottland hvor monumentet skulle etableres ved et lite torg ikke langt fra Norway house og Prins Olavs slipp.
Året etter, i 2002, var vi invitert til å delta ved avdukingen av monumentet. 12 mann fra venneforeningen dro da over og deltok ved seremonien.
På disse turene knyttet vi også gode kontakter med lokalbefolkningen, og mange av de er svært historieinteresserte. Disse menneskene har vi fortsatt god kontakt med og utveksler informasjon om skøytetrafikken. Noen av de har endog besøkt oss i Ålesund.
Totalt har vi vært over til Shetland i fem forskjellige sammenhenger, og vi klargjør nå for ny tur til våre venner over Nordsjøen, med besøk til Lerwich, Scalloway, Lunna og Baltasund.
Aktive medlemmer av venneforeningen har variert noe gjennom årenes løp, men nå er det ny giv og optimisme. Dette mye takket være Viti sin store satsing på oppgradering det siste halve året. Her har også venneforeningen bidratt med dugnadsarbeid i stort mon.
Vi håper at dette arbeidet vil medføre mer bruk av båten, også i nærmiljøet, og på en trygg og god måte kunne formidle den mangfoldige historien om MK Heland. Bruk av båten er avgjørende for at den skal kunne bevares i mange år videre.
***
Dugnadsgruppa Storeggen av Aalesund
Meir informasjon om dugnadsgruppa Storeggen og kontakt:
Les meirSkjul
Storeggen av Aalesund er ein replika av ei sunnmørsk bankskøyte frå 1890-åra. Bankskøytene var seglskuter med dekk og gaffelrigg, bygde for havfiske. Dei var avgjerande for den store veksten i fiskeria i andre halvdel av 1800-talet. Dugnadsgjengen møtest anna kvar torsdag om bord i Storeggen, og jobbar med vedlikehald. Gruppa bidreg også som mannskap til ulike arrangement og organiserte turar, og dei dreg på to eigne tokt i løpet av året.
Vil du vite meir om oss?
Send gjerne ein e-post til
- Leiar: Kjell Inge Tomren kjell.i.tomren@ntnu.no
Kontaktperson i Viti: Lars Leine lars@vitimusea.no
Vil du melde deg inn?
Fyll ut dette skjemaet
***
Naturmuseets venner
Meir informasjon om Naturmuseets venner og kontakt:
Les meirSkjul
Naturmuseet i Sykkylven viser korleis plantar, dyr og fuglar skaper ein fantastisk mosaikk i naturlandskapet vårt. Nystarta venegruppe som arbeider for å støtte og skape aktivitet kring Naturmuseet. Engasjert i fleire typar arrangement, som fuglesongvandring og aktivitetar for barn og unge. Har møta sine i lokala til Naturmuseet i Sykkylven.
Vil du vite meir om oss?
Send gjerne ein e-post til:
Kontaktperson i Viti: Magnhild Vatne magnhild@vitimusea.no
Vil du melde deg inn?
Fyll ut dette skjemaet
***
Møbelmuseets venner
Meir informasjon om Møbelmuseets venner og kontakt:
Les meirSkjul
Foreining som har som føremål å støtte Møbelmuseet i Sykkylven sitt arbeid, og å skape interesse for den norske møbelarven. Møbelmuseet samlar, dokumenterer og formidlar møbelhistorie frå heile landet.
Mange av medlemmene i vennelaget har yrkesrøynsle frå møbelindustrien, andre ikkje. Dei deltek i og støttar museet sine prosjekt og arrangement, og tek også initiativ til eigne arrangement.
Møbelmuseets venner møtast på kveldstid i Møbelmuseet sine lokale i Sykkylven.
Vil du vite meir om oss?
Send gjerne ein e-post til
- Leiar: Grethe Østerhus Røyr Send ei melding til 991 97 175
- Kontaktperson i Viti: Eldar Høidal. eldar@vitimusea.no
Vil du melde deg inn?
Fyll ut dette skjemaet
***
Sunnmøre museumslag
Meir informasjon om Sunnmøre museumslag og kontakt:
Les meirSkjul
Laget er knytt til Sunnmøre museum og Middelaldermuseet i Borgundgavlen, Ålesund. Sunnmøre museum er eit av landets største friluftsmuseum og Middelaldermuseet ligg på området der ein har funne spor etter mellomalderbyen Borgund. Laget skal støtte og fremje arbeidet til museet. Dette kan skje økonomisk, ved dugnader, tilskipingar eller anna støtte til museet sitt føremål. Museumslaget skal vere eit forum for ordskifte og foredrag innan museumsarbeid, kulturvern og annan relevant verksemd.
Dei har i mange år gitt ut bladet Gavlen.
Vil du vite meir om oss?
Send gjerne ein e-post til
- E-post Sunnmøre museumslag: museumslaget@vitimusea.no
- Leiar: Kari Steinsvik steinsvik.kari@gmail.com
- Kontaktperson i Viti: Severine Jarnes severine@vitimusea.no
Vil du melde deg inn?
Fyll ut dette skjemaet
***
Ørsta bygdemuseumslag
Meir informasjon om Ørsta bygdemuseumslag og kontakt:
Les meirSkjul
Brudavollen er eit autentisk gardstun oppe i dalsida i Ørsta kommune. Både bygningar og landskap har høg kulturhistorisk verdi, og fortel om levemåten i det gamle bondesamfunnet. Den gamle nyttehagen var føre si tid på Sunnmøre, og interessant.
Brudavollen har eit aktivt venelag som stiller på dugnad i tunet og både bidreg til og tek initiativ til aktivitetsdagar.
Vil du vite meir om oss?
Send gjerne ein e-post til
- Leiar: Harald Johannes Krøvel harald.johannes.krovel@hivolda.no
- Kontaktperson i Viti: Jan Kåre Blindheim jan-kare@vitimusea.no
Vil du melde deg inn?
Fyll ut dette skjemaet
***
Sunnmøre historielag
Meir informasjon om Sunnmøre historielag og kontakt:
Les meirSkjul
Historielag som dekker lokalhistorie frå Sunnmøre. Foreininga vart stifta i 1909 og arbeider for å fremme Sunnmøres historie. Laget skipar ulike arrangement og gir ut Årbok for Sunnmøre i samarbeid med Viti. Årboka publiserer artiklar i ulike format. Frå 2022 fekk årboka status som vitskapleg tidsskrift.
Årbok for Sunnmøre 2025 - med lansering 4. desember, inneheld fleire djupdykk og svært lange reiser!
Les meir her!
Vil du vite meir om oss?
Send gjerne ein e-post til
- Leiar Sunnmøre historielag og kontaktperson i Viti: Ingvil E Grimstad. ingvil@vitimusea.no
Vil du melde deg inn?
Fyll ut dette skjemaet
Frivilligsamling 2024!
Alle frivillige i Viti vart invitert med på segling med bankskøyta Storeggen av Aalesund, roing og sosialt lag på Fiskerimuseet. Ein knakande kjekk aprilkveld med ein super gjeng!
Sjå bilete frå seglinga med Storeggen:
Gavlen!
Medlemsbladet Gavlen var i utgangspunktet initiert og utvikla av veneforeininga Sunnmøre museumslag. Bladet er gratis for alle medlemmar i dugndasgrupper og veneforeiningar i Viti.































