Brudavolltunet

Brudavolltunet

Brudavolltunet

Brudavollen er eit autentisk gardstun som ligg solrikt og idyllisk til høgt oppe i dalsida i Ørsta kommune. 

Både bygningar og landskap har høg kulturhistorisk verdi, og fortel om levemåten i det gamle bondesamfunnet.


Foto: Marius Beck Dahle / Viti



Kjøp billett

Opningstider og prisar

Ope

  • Ope etter avtale. Kontakt

    tlf. 70 23 90 00

  •  

  • Sommar på museet

    21. juni - 16. august

  • Onsdag

    12 - 16

  •  

Prisar

  • Vaksen

    kr. 80

  • Gruppe vaksne (min. 10 pers.)

    kr. 60

  • Barn (opp til 18 år)

    Gratis

  • Student

    kr. 60

  • Fellesbillett til Sivert Aarflot-museet

    kr 80

  • Eigne prisar på arrangement

Besøk oss

Brungotvegen 155, Ørsta

Sjå i kart

Tilgjengelegheit

Les meir

Brudavolltunet har universell tilkomst til administrasjonsbygget og HC toalett.

Dei antikvariske bygningane i tunet er ikkje universelt tilgjengelege.

Om museet

Les meir

Eldste delen av bygningane er frå 1600-talet. Hageanlegget vart etablert kring 1830, og var til inspirasjon for hagedyrkinga i distriktet som tok til utover 1800-talet.

Brudavollen vart truleg busett på slutten av 1500-talet, etter å ha lege aude lenge. På 1600-talet vart garden teken av skred og husa sette opp att på ein ny stad. Dagens tun er bygd tidleg på 1800-talet.

Garden var ei tid av dei største i gamle Ørsta. Før som no har folk vore nøydde til å søkje andre levevegar eller nye stader for å livberge seg. Banda mellom heimegarden og dei utflytte var ofte solide, og impulsane utanfrå gjorde at folket på Brudavollen følgde godt med i samfunnsutviklinga. Frå Brudavollen kom mellom anna den første sunnmøringen som vart nordamerikanar for godt, og den første jordmora i gamle Ørsta kommune.

Brudavollhagen vart opparbeidd av Nils Torkelson Brudevold, truleg i 1830-åra. Det skal vere ein av dei første hagane i Ørsta som er knytt til ein gard.

Brudavolltunet har tilknytt eit moderne administrasjonsbygg med kjøken, internett og selskapslokale som er til utleige.

Formidling

Les meir

For formidling og formidlingsopplegg for grupper, barnehagar og skular, ta kontakt med museumspedagog Jan Kåre Blindheim jan-kare@vitimusea.no

Kunnskap

Eitt kort - 10 museum!

Utleige