Brudavollslekta
BRUDAVOLLSLEKTA
Med unntak av ein kort periode i siste halvdel av 1700-talet, var det same slekta som budde på Brudavollen frå 1603 til 1963.
Les meirSkjul
Same slekta har vore eigarar av Brudavollen frå etableringa og fram til1963. Mange flytte ut og etablerte seg andre stadar i Norge og utlandet. Det er mange på Sunnmøre som har røtene sine frå denne garden.
Torkel Nilsson Brudevoll (1778-1860) bygde opp tunet slik det om lag står no. Han var ein mann av opplysingstida og likte å lese både bøker og aviser. Han bygde opp den svært moderne driftsbygninga, truleg den fyrste i område.
Sonen hans, Nils Torkelson, tok over garden i 1831 og opparbeidde blant anna hagen nedanfor Kårstova. Nils hadde mange interesser utover gardsdrifta. Han var både bokbindar og hattemakar. Ofte reiste han austover for å selje varene sine, og tok då heim ulike planter og tre som fekk sin plass i tun og hage. Noko av vekstane selde han vidare.
Nils fekk to døtrer. Ei av desse, Ingeborg, gifte seg med Ola Ivarson Barstad. Han sette opp buda i 1853 og drog på plass den store steinhella i tunet.
Ola og Ingeborg tok over som brukarar i 1857. Dei fekk 10 born. Av desse var fire gutar, men ingen av dei hadde særleg interesse for gardsdrifta. Andreas Olai, nest yngste sonen, tok i 1900 på seg ansvaret for garden og mora, som var blitt enkje.
Olai, som han vart kalla, og kona Anne, fekk fem born. Ingen av desse var særleg lystne på å drive garden, men den nest eldste, Odd Elias, tok til slutt over. Da han døydde utan arvingar i 1963, vart garden overteken av Ørsta Bygdemuseumslag.


