Kjøp årskort - til deg sjølv eller ein du er glad i!

Velkomen til eit heilt år med mange og fine opplevingar hos oss!
Med årskort får du meir av det du er glad i: historiene, utstillingane, opplevingane og fellesskapet. Eitt kort gir deg fri tilgang til alle musea våre gjennom heile året – uansett kva museum du kjenner deg mest heime i.
Kjøp årskort der det passar deg best!
Årskortet kostar kr 400, er gyldig frå dato-dato, gjeld ein vaksen og er personleg for deg. Du kan kjøpe årskort på to måtar:
- Direkte på nett hos SUNNMØRE MUSEUM eller JUGENDSTILSENTERET OG KUBE.
Årskortet mottar du på e-post. Ved digitalt kjøp får du også nyheitsbrev og informasjon frå museet du kjøper gjennom. - I resepsjonen på FISKERIMUSEET i Ålesund eller på NATURMUSEET og MØBELMUSEET i Sykkylven.
Uansett kvar du kjøper årskortet - fordelane er dei same:
- Fri inngang til alle musea våre - heile året
- Fri deltaking på alle arrangement i regi av Viti (gjeld ikkje turar med bankskøyta Storeggen)
- 10 % rabatt i museumsbutikkane (gjeld ikkje kommisjonssal kunst)
- * Kortet gjeld ikkje arrangement i regi av venelag og eksterne aktørar.
Vi gler oss til å sjå deg!