Dei frivillige
DEI FRIVILLIGE
Brudavolltunet har eit aktivt museumslag, Ørsta Bygdemuseumslag, som brenn for å ta vare på og bidra til aktivitetar i tunet.
Les meirSkjul
Laget har sju faste styremedlemer og har styremøte om lag seks gongar årleg.
Gjennom året står dei for både faste og nye tilstellingar, til dømes serverer dei graut på feitetysdagen og på søndagar i juli. Dei har òg olsokarrangement 29. juli, med gudsteneste, matservering og musikalske innslag.
Styreleiar inviterer årleg til samarbeidsmøte mellom museumslaget, Viti og Ørsta kommune der planar for arbeidet på Brudavolltunet blir lagt fram og diskutert. Laget har ein kontaktperson i Viti, og er del av den frivillige fellesskapen i Viti.



