Brudavolltunet

Tunet

Tunet består i dag av våningshus, kårstove med eldhus, stabbur, løe, hjulhus og smie. Ein typisk einbølt gard frå 1800-talet. Tidlegare var det også kylne og reveskur på garden.

VÅNINGSHUSET

Les meir

Det raude våningshuset er plassert med langside og hovudinngang mot sør. Dei andre bygga er plassert vinkelrett på dette, som er ein gamal tunstruktur. Medan sola varmar opp stove og kammers i våningshuset, ligg det meir svalande kjøkkenet i skuggen bakom inngangen. Her står også den opne grua nytta til matlaging. Berre midtrommet er tømra opp, der nokre stokkar er frå eldre bygg. Det vart etterkvart sett inn jarnomnar i alle rom som vart kopla til piper.

Fasaden med bordkledning, vindauge og tak er frå då museumslaget starta restaureringsarbeidet. Tidlegare var der ein inngang med bislag på veggen mot løa, og ein kledd svalgang på baksida.

Kammers og kjøkken er i stavverk kledd med panel. Frå gangen går det trapp til loftet som er delt i tre rom, der midtrommet har ei ark sørover. Takkonstruksjonen er frå restaureringa rundt 1960-70. Bygget har fått ulik ny panel innvendig frå fyrste halvdel til siste halvdel av 1900-talet. Stoverommet vart kledd med Møllerstuepanel for å skjule den dårlege tømmerveggen.

Bygget står på ein natursteinmur, med potetkjellar under stova og ein open kjellar under kammerset mot aust. Framfor den doble inngangsdøra er der oppmura ei natursteintrapp.

STEINBORDET

Les meir

I tunet framfor den raude stova ligg ei stor steinhelle som vart drege til gards med hest frå steinbrotet ovanfor tunet i 1870. Den har vorte nytta som bord til ulike aktivitetar til kvardags og fest.

KÅRSTOVA MED ELDHUS

Les meir

Aust for steinbordet ligg den tømra kårstova, eit langt og smalt bygg der øvste delen er i stavkonstruksjon. Denne delen vert kalla eldhuset og kan ha hatt ein eldstad tidlegare.

Dei siste brukarane nytta det til vedbu, men det kan tidlegare ha vore eit grovkjøkken. Her går ei dør inn i eit tømra rom med ei opa grue og ljore i mønet. Vidare kjem ein inn i kammerset med loft, og gjennom eit vindauge kan ein sjå ned i hagen.

Kårstova fungerte i hovudsak som bustad for den eldste generasjonen som dreiv garden.

STABBURET

Les meir

Vest av steinbordet står forrådsbua på stabbar med steinheller oppå, som hindra mus og rotter å kome inn. Lokalt vart bygget kalla for buda, som er delt i tre rom med loft over.

Det inste rommet, innbuda, er i bjørketømmer og vart nytta til seng og gangkle. Her stod oftast ei gjesteseng.

Rommet framom, utbuda, vart nytta til lagring av ulikt. Her går loftstrappa opp. På loftet lagra ein kornet i bingar og mjølet i eigne kister.

Rommet vestover med eigen inngang, kalla gongja eller matbuda, vart nytta til salt og tørka mat.

LØEBYGNINGA

Les meir

Driftsbygninga var svært moderne tidleg på 1800-talet, med gjødselkjellar, fjøsar og stall, der løe med låvebru er plassert oppå ein natursteinsmur. Gamle bygningsdelar er nytta oppatt i dette bygget, som ein ser att i den tømra kufjøsen og i sjølve løa der høy og kornnek vart lagra. Desse syner ein eldre byggeskikk frå 15-1600, som truleg har vore med flyttinga av tunet. Fjøsar og løe var då separate bygg.

I ein stav på låvebrua er det skore inn; MDCXXII (1622) DET AAR: BLEF DENNE LAADE GIOR AF IISB.

Frå Raudestova går der ein veg vestover til løa, avgrensa med steingardar. Låvebrua går tvert gjennom og ut på vestsida, der hjulhuset står plassert bortom bekken.

Overvasshjulet driv truskemaskinene med reimar, som stod på låvebrua. Vatnet vert leia inn frå bekken ved smia, nedover ei oppmura steinrenne og vidare i ei trerenne inn over vasshjulet.

I nordenden av løa er eit ope tilbygg, kalla trodskotet. Her lagra ein lange troer og staur til hesjing av kornnek og gras. I tillegg vert trerennene til hjulhuset oppbevart her.

SMIA

Les meir

Frå løa går der ein veg langs bekken opp til smia, der varmt jarn vart forma til ymse ein trengde på garden. Bygget er mura opp i naturstein med tømra gavlar.

Smia er ikkje originalt frå tunet, men det stod eit slikt bygg i området tidlegare. Det vart bestemt å erstatta dette med denne smia, som er frå garden Digernes på sørsida av Ørstafjorden.

Inne står ei oppmura ese med belg, som ilag med ambolten ofte er i bruk i formidlinga ved museet.