Hagen

HAGEN
Nedom gamlestova i Brudavolltunet ligg hagen Nils Torkjellson Brudevoll (1804-1882) starta å opparbeide i 1832. Det er ein av dei første hagane på Sunnmøre på eit vanleg gardsbruk.
Les meirSkjul
Nils var bokbindar og reiste ein del i samband med dette. På reisene tok han med nye plantar heim til hagen. Kva plantar dette var er gøymt i historia, men ein av dei skal vere den vakre lilja som framleis veks i hagen.
Då dottera Ingeborg og svigerson Ola Barstad overtok garden i 1857 vart det skrive i skjøtet at Nils og kona Marte skulle ha rett til å bruke og hauste frå frukthagen på garden heile si levetid. Dette tyder på at hagen også var ein nyttehage med frukt- og bærbusker, og kor viktige desse var for Nils og Marte.