Ein 400-årsjubilant

"MDCXXII I DET AAR BLEF DENNE LAADE GIOR AF IJSB".
Denne korte teksten er innskoren i ein stor, grov stav i løa på Brudavollen i Ørsta. Ei uvanleg presis datering av ei svært gamal løe.
Innskrifta fortel at denne løa vart bygd i 1622 av Ivar Jonson Brudevoll. Få, om nokon, så gamle løer er så presist datert som løa på Brudevollen i Ørsta. Men kva er det eigentleg denne dateringa fortel oss?
Den første brukaren på Brudavollen
Mannen bak initialane, Ivar Jonson Brudevoll, var den første brukaren på Brudavollen.
Garden Brudevoll vart skilt ut kring år 1600, og dei eldste kjeldene fortel oss at Ivar brukte garden i alle fall frå 1603, og fram til 1630-talet, då sonen Torgeir tok over. Ivar hadde altså drive garden i om lag 20 år då han skar inn opplysningane.
Tunstaden flyttast
Slik det er med ein del eldre bygningar, har også løa på Brudavollen flytta på seg. Rett nok ikkje særleg langt.
Då Ivar sette opp gardshusa, låg tunet om lag 250 meter sør-vest for dagens tunstad. Etter nokre år hende det ei forferdeleg ulukke. Ei stor vassfonn kom brått strøymande nedover bakkane og reiv med seg fleire bygningar.
Det var ei tragedie for folket på Brudavollen. Torgeir Ivarson Brudevoll, som då hadde teke over bruket etter faren, miste både kona si og to av borna sine, i tillegg til at fem andre mista livet. Sjølv berga han seg så vidt.
Etter tragedien vart tunstaden flytta om lag 300 meter austover og oppover i bakken, i ly av Brudavollnakken. Dei bygningsdelane som kunne brukast til å reise det nye gardstunet, vart med, og mellom desse var staven med Ivar Jonson Brudevoll si innskrift.
Ein einbølt gard
Vi veit ikkje korleis desse første gardshusa på Brudavollen såg ut – verken i det første tunet, som Ivar Jonson Brudavoll sette opp, eller på tunstaden til sonen Torgeir.
Vi veit likevel mykje om korleis tunstadene var ordna på 1600-talet. Brudavollen har heile tida vore ein einbølt gard, det vil seie at den aldri har vore delt i fleire gardsbruk. Det har difor aldri vore noko fellestun, eller klyngetun, på Brudavollen, slik det har vore mange andre stader.
Eit typisk gardstun frå denne tida ville innehalde ei rekkje mindre bygningar, som kvar hadde sin eigen funksjon.
Den gong hadde løa rom for oppbevaring av korn og høy, medan dyra vart haldne i eigne bygningar. Ein gard kunne ha stove, eldhus, sengabud, stabbur, kufjøs, sauefjøs, grisefjøs, stall, smie, kvernhus og løe, i tillegg til naust, sommarfjøs og seterhus.
Difor veit vi at løa på Brudavollen lenge var ei anna bygning en løa som står på tunet i dag.
Ny flytting
Tidleg på 1800-talet vart tunstaden på Brudavollen nok ein gong flytta. Vi veit ikkje kvifor, men den nye tunstaden vart flytta om lag 50 meter sørover frå gamletunet.
Tunet som då vart skapt, er langt på veg tunet som framleis står. Her er kårstove, nystove, stabbur og løe.
Løa måler 17x9 meter, og rommar høy- og kornstål i øvste høgda. Under er det stall, sauefjøs og kufjøs, med ein liten gjødselkjellar.
Brukaren på Brudavollen var tidleg ute med å bygge saman løe og fjøs i eitt. Dette var ein ny måte å ordne seg på tidleg på 1800-talet, og ei utvikling som først skaut fart utover i andre halvdel av hundreåret.

Freda i 2002
Sjølv om byggemåten i nyeløa var moderne, følgde framleis mykje av det gamle med.
Igjen nytta ein opp igjen enkelte bygningsdelar der det let seg gjere, og igjen var staven med Ivar Jonson Brudavoll si innskrift med.
Dendrokronlogi syner at det var fleire deler som var med på flyttingane. Mellom anna er noko av tømmeret i bygninga felt vinteren 1632-33.
Samla gjorde det at løa på Brudavolllen i 2002 vart freda. 20 år seinare kan vi markere eit 400-årsjubileum for løa på Brudavollen, sjølv det er dei siste 200 åra den har sett ut slik den gjer i dag.
Og heilt sentralt her står staven med Ivar Jonson Brudavoll si innskrift. Den er lett å sjå for den besøkande, der den står og vitnar om ei 400 år lang forteljing om staden og folket på Brudavollen.
Forfatta av: Torbjørn Akslen, historikar.
