Kulturlandskapet
KULTURLANDSKAPET
I tillegg til bygningane i tunet er kulturlandskapet avgjerande for at heile kulturmiljøet i dag er av regional verdi.
Les meirSkjul
Den gamle kulturmarka i Brudavolltunet er forma gjennom tradisjonell skjøtsel over lang tid. I terrenget rundt gardshusa er dyrkingsspor som steingardar, rydningsrøyser og veiter godt synlege. Steingardane langs geila, frå bilvegen og opp i tunet, var eit naudsynt stengsel mot ferdsle på åkrar og slåttemark, og i tun og hage. Veita frå elva leia vatn til truskarhjulet som på sinnrikt vis dreiv truskeverket for kornet på låven.
På 1830-talet, i Nils T. Brudevold si tid, vart mest alt areal rundt tunet nytta til åkrar. Dei største og beste åkrane var til korn som bygg og havre. I smååkrane, kalla reitar, var det poteter, kålrabi og nepe. Etter kvart vart åkrane lagt att til slåttemark.
Både beite-, slåttemark og tekniske anlegg ber i dag preg av tiår utan skjøtsel, men vi ser at vegetasjonen framleis er prega av gamal jordbruksdrift med viltveksande planteartar.
Fukttilhøva gjer at ulike artar dominerer. Den store enga mellom bilvegen og tunet er ei friskeng med tørrare flekkar der jordsmonnet er tynt. I grasteppet er engkvein, raudsvingel og bleikstorr, og vi finn urtar som ryllik, blåklokke, tepperot, tviskjeggveronika, kystmaure, marikåper, prestekrage og den vakre flekkmarihand.
Enga bak stovehuset er fuktigare med blant anna jordnøtt, grasstjerneblom, tiriltunge, skogsnelle, engsyre, og særleg hanekam og soleier.
I åra framover skal steingardar, opne veiter og kisteveiter vølast. Varsam restaurering av slåtte- og beitemarka er starta opp. Vi følgjer gamal tradisjon med slått seint i juli, med mål om å ta vare på og auke artsmangfaldet i både slåtte- og beitemarka på Brudavolltunet.


