Middelaldermuseet

Middelaldermuseet

Middelaldermuseet

Rett ved Borgundfjorden i Ålesund, der skreien årvisst kjem inn for å gyte, låg byen Borgund. Dette var i mellomalderen den største byen mellom Bergen og Trondheim.

Lite er synleg av Borgund i dag, men under jorda har arkeologane dei siste 80 åra avdekt korleis byen har sett ut og korleis livet har vore for dei som budde der.

Inne i museet kan du sjå restar av mellomalderbyen Borgund som ligg der dei vart funne, og bli betre kjend med livet i mellomalderen.


Foto: Siw Solvang / Viti

Kjøp billett

Opningstider og prisar

Ope

  • Ope etter avtale

    tlf. 70 23 90 00

  •  

  • Sommar på museet

    21. juni - 16. august

  • Måndag - søndag

    11 - 17

  •  

Prisar

  • Billett inkl. inngang på Sunnmøre museum

  • Vaksen

    kr 120

  • Gruppe vaksne (min. 20 pers)

    kr 100

  • Barn (0-18 år)

    Gratis

  • Student

    kr 100

  • Eigne prisar på arrangement

Besøk oss

Borgundgavlen 21, Ålesund

Sjå i kart

Tilgjengelegheit

Les meir

Middelaldermuseet har universell tilkomst til utstillinga, foredragssalen og HC toalett.

Om museet

Les meir

I vikingtida var Borgund ein marknadsplass som vart stadig viktigare for sunnmøringane. Midt på 1100-talet hadde Borgund vakse til ein liten by. Denne småbyen frå mellomalderen er det vi kallar Kaupstaden Borgund.

Det var vanleg at kongen heldt ei vernande hand over dei norske byane, men for Borgund var det annleis. Like i nærleiken heldt stormennene på Giske til. Dei var mellom dei rikaste i landet og var vel tente med å verne ein by i nærleiken og handelen der.

Borgund var det største kyrkjesenteret mellom Bergen og Nidaros i mellomalderen. Jordebøker og brev nemner fire kyrkjer, og plasseringa til tre av dei er kjend. Ute på neset mot Borgundfjorden ligg enno restane av Margaretakyrkja. Kyrkja er truleg frå 1100-talet.

Det er store samlingar knytte til funna ved Borgund og området i og rundt Middelaldermuseet. Mellom anna er den vakre Borgundnåla funnen her – og den sel vi kopiar av i museumsbutikken.

Middelaldermuseet er bygd over dei arkeologiske funna, og ved å besøkje utstillinga får du sett på dei arkeologiske utgravingane, ein animasjonsfilm om korleis byen truleg har sett ut, og ei rekkje gjenstandar som er utstilte.

Museet har òg eit flott formidlingsrom. Dette rommet er også eit flott selskapslokale, som vi leiger ut.

Utstillingar

Bli med inn i Margaretakyrkja

Kunnskap

Formidling

Eitt kort - 10 museum!

Utleige