Svartedauden kjem til Sunnmøre

Gregorius flykta frå mannedauden som herja i heimbygda Stranda. No var han oppe på fjellet. Hjartet banka medan han speida ned mot bygda og leitte etter livsteikn. I hus etter hus slutta røyken å sive frå ljorane, og til slutt var der berre ei einaste kvit røykstrime att. Då gjekk han ned igjen. Der fann han ei jente, og dei måtte klare seg som best dei kunne.
Dette er ei av mange segner som skildrar Svartedauden på Sunnmøre. Vi veit ikkje om det var slik, og vi veit ikkje om det skjedde, men segna tek oss likevel nærmare den fatale hausten i 1349.
Gregorius var fortvilt og einsam, og livet skulle aldri bli det same. Den store mannedauden, som svartedauden vart kalla i samtida, tok livet av minst halvparten av alle som levde i Norge og på Sunnmøre. Og verre skulle det bli.
I 1349 skal det ha levd mellom 13 000 og 15 000 menneske på Sunnmøre. I 1520 hadde folketalet falle til mellom 3400 og 4600. Tala er sjølvsagt svært usikre, men nedgangen er det ikkje tvil om. Heile bygder låg aude, dyrka jord vart overgrodd og dekt av tjukk fureskog. Aller verst gjekk det ut over dei indre fjordbygdene. Akkurat det har vore ei nøtt for pestforskarane.

Ryktet går
Pestbakterien Yersina Pestis hadde allereie vore på reise i nokre år då han slo til på Borgund hausten 1349. Den vanlegaste forklaringa er at bakterien kom via handelsrutene frå Mongolia, Midtausten og vidare inn i Europa.
Dei italienske kjøpmennene hadde mange handelsforbindelsar og skip på denne tida. Hausten 1348 var han komen til sør - England, og her kan skip frå Oslo ha fått bakterien om bord. Det finst dokument som fortel om to kjøpmenn som denne hausten starta innsamling til eit nytt alter tileigna Sankt Sebastian.
Sankt Sebastian var den viktigaste vernehelgenen mot pest i samtida. Kanskje hadde kjøpmennene fått høyre om dramaet i England, og ville verne seg mot det? Kanskje var nokon i Oslo allereie ramma?
Uansett verkar det som at pesten gjekk i dvale gjennom vinteren 1348. Ein veit ikkje heilt kvifor, men truleg ulma han blant rottekoloniane i byen.
Skipa frå Sunnmøre og Bergen reiste i hovudsak til hamner lenger nord i England, som t.d. Lerwick på Shetland. Dit kom smitten noko seinare, sommaren 1349. Skipa frakta folk og varer, som i løpet av sommaren skulle til Borgund.

Borgund – eit episenter for pestsmitten på Sunnmøre?
La oss tenke oss ein sommardag i 1349. Kyrkjeklokkene på Borgund ringer til messe, og det er stor aktivitet i hamna og på marknaden. Det ligg fleire skip som enten skal sørover til Bergen eller vestover til England.
Kanskje vart det snakka om ein fæl sjukdom som herja i England, eller på austlandet. Bønder og fiskarar frå Sunnmøre og omlandet baud fram varene sine: tørrfisk, sild, lyse, smør, saueskinn, pelsverk, trevirke.
Vi kjenner namna på nokre av dei som handla her. I 1338 bytta Karl Gunnarson frå Gloppen i Nordfjord til seg mjøl, øl og gentsk tekstil mot eit stykke jord til Simon Kolbeinsson. Kolbeinsson budde på Borgund. Tolv år seinare selde truleg sonen hans, Kolbjørn Simonsson, jord i byte mot korn og tøy.
Alle hadde dessutan eit ærend innom kyrkjene, og vi kan førestille oss at rykta frå England skapte ekstra trengsle i kyrkjeroma denne sommardagen. Det var viktig å sikre seg eit godt liv etter døden.
Skildringane av dei grufulle lidingane i helvete var kjende, og døden var aldri langt unna, sjølv før svartedauden. Menneskeliva var korte, sjukdom var fatalt og valden var uhyrleg.
På 1300 – talet hadde kyrkja fått eit godt grep om menneska, også på Borgund der vi kjenner til heile fire mellomalderkyrkjer.
Verken folka på Borgund eller dei tilreisande visste at under husa og i søppelhaugane saug loppene blod frå pestsjuke rotter. Når handelen var ferdig, pakka fjordbonden korn og tekstilar, og tok på heimveg. Loppene vart med på lasset. Slik kan Borgund ha verka som eit episenter for pestsmitten.

Ein trekant med dødeleg utfall
Dei fleste epidemiar fungerer etter følgjande logikk: der det er tettast mellom folk går smittespreiinga raskast. Dette vil alle som opplevde pandemien i 2020 – 2021 kjenne til. Grisgrendte strøk, slik som på Sunnmøre i høgmellomalderen, skulle vel då sleppe billegare unna?
Det er viktig å understreke at dødstala for Svartedauden er usikre. Det er uhorveleg lenge sidan, og dei som kunne skrive vart sett ut av spel som alle andre. I alle fall for ein periode. Ein av dei som har forska mest på svartedauden er historikaren Ole Jørgen Benedictow. Han meiner at Svartedauden kom som lungepest eller byllepest, og at Norge i hovudsak vart ramma av byllepesten.
Lungepesten smitta gjennom dråpesmitte og hadde kort inkubasjonstid, kort sjukdomsforløp og 100% dødelegheit. Det raske forløpet gjer at smitten brenn ut før han kjem seg vidare.
Byllepesten smitta på ein meir langsam og komplisert måte, i eit dødeleg trekantdrama. Rottene vart smitta og hadde smitten i blodet, men det var loppene som levde i pelsen på rottene som stod for overføringa. Loppene saug det infiserte blodet i seg, og Yersina pestis vart med til neste bitt. Slik fortsette det.
Når rottene etter kvart vart sjuke og døydde, vart rotteloppene desperate og måtte finne seg ein ny blodgjevar. Det var først då menneska kom inn. Denne sakte framgangsmåten gjorde at byllepesten kom seg til sjølv dei mest bortgøymde stadene på Sunnmøre før han vart oppdaga. Og då var det for seint.
Barfot bøn, faste og almisser
Byllepesten ga høg feber, byllar og hevelsar i lymfeknutane. Så kom lungebetennelse, blodforgifting og hjernehinnebetennelse.
Det fanst ikkje helsemyndigheiter som kunne gi smittevernråd og hjelp på bakgrunn av moderne forsking. Det var heller slik at råda verka mot si hensikt.
Kong Magnus Erikson bad folk om å samlast ved soknekyrkjene kvar fredag. Her skulle dei gå berrføtt i prosesjon, halde messe for jomfru Maria og gi almisser. Helst skulle dei faste på vatn og brød, eller i alle fall avstå frå fisk, og faste på øl og brød.
Vi må rekne med at også sysselmann og herre av Giske, Erling Vidkunsson, følgde desse råda. Og han overlevde.

Firehundreårsnatta
Korleis vart livet etter pesten, for Gregorius frå Stranda, Erling Vidkunsson og ei rekke namnlause kvinner og menn?
Den første tida var utvilsamt kaotisk for dei fleste. Seinare ser ein eit mønster. Dei rikaste ser ut til å ha blitt rikare, medan tidlegare velståande vart fattigfolk. Prisane på jord sokk til ein brøkdel av det dei hadde vore før Svartedauden. Men billeg jord og øydegardar gav også moglegheiterfor tidlegare gardlause.
Men elendigheita var ikkje over. I åra som følgde, faktisk heilt fram til 1654, kom pesten tilbake til Norge fleire gonger.
Nedgangen kan ikkje berre tilskrivast pestane. Allereie før svartedauden kan det ha blitt kaldare og våtare. I eit kaldt land som Norge, kan dette ha fått meir alvorlege konsekvensar enn andre stader.
Vi veit at torsken er kjenslevar for temperaturendringar, og ein svikt i den viktigaste handelsvara må ha vore katastrofal for Borgund. Dei tyske Hanseatane skaffa seg handelsrettar nord for Bergen, og det vart meir freistande å handle med dei enn dei på Borgund.
Vi veit at soknekyrkja på Borgund stod til forfalls allereie før 1350. Som om dette ikkje var nok, skal Borgund på 1400 – talet ha blitt angripe av sjørøvarar som sette fyr på byen.
Tida hadde runne ut for Borgund som eit kraftsenter for handel og kyrkje, og landet gjekk inn i det Henrik Ibsen kalla firehundreårsnatta.
Litteratur:
Les meirLukk
- Borgund og Giske, band 1, 1957
- Bjørndal, Martin Segn og tru – Folkeminne frå Møre, Norsk folkeminnelag, 1947
- Sæther, Per Dei eldste husa på Sunnmøre, Årbok for Sunnmøre, 2015
- Benedictow, Ole Jørgen, Liv og Helse i Middelalderen, onsdagskveder i Bryggens museum, 1992
- Sæther, Per Dei eldste husa på Sunnmøre, Årbok for Sunnmøre, 2015
- Dale, Bjørn Jonson, Fagert folk mellom fjord og fjell. Soga om dei inste bygdene på Sunnmøre, Årbok for Sunnmøre 2019
- Sulebust, Jarle Borgund - byen i havlandet i Årbok for Sunnmøre 2014
- Bagge, Sverre «Mennesket i Middelalderens Norge», tanker, tro og holdninger 1000 - 1300, Aschehoug 2000
- Holck og Kvaal, Skjelettene frå Clemenskirka i Oslo, Universitetet i Oslo, 2000
- Nedkvitne, Arnved Møte med døden i norrøn middelalder, Cappelen akademisk forlag, 1997
- Ellingsen, Gunnar Tradisjonar om svartedauden på Sunnmøre, Årbok for Sunnmøre 1990

Ingvil Eilertsen Grimstad
Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kulturhistorie
917 69 356 / ingvil@vitimusea.no