Middelaldermuseet

Arkeologisk utgravning under tak viser rester av et gammelt langhus med tømmerkonstruksjon og stein.

MiddelaldermuseetÅlesund

Omvising Middelaldermuseet

Bli med på omvising inne i utstillinga på Middelaldermuseet og ute på den arkeologiske funnstaden Borgundkaupangen. Vi fortel historia om mellomalderbyen som truleg var på sitt største på 1200-talet, men som vart borte på 1500-talet.

Her kan du sjå og høyre om funna arkeologane gjorde i siste halvdel av 1900-talet og fram til den siste undersøkinga hausten 2020. Vi fortel om kyrkjene frå 1100-talet og bygningane med dateringar frå vikingtida til 1500-talet, og vi ser spora etter bruer, graver, vegar og naust. I utstillinga får du sjå breitt utval frå den store mengda gjenstandar som er funne under markane.

Borgundkaupangen er no staden for eit stort forskingsprosjekt ved Universitetsmuseet i Bergen. Vi følgjer og fortel om forskarane sitt arbeid med funna. Dei vil etter kvart kunne fortelje oss kvar tekstilmaterialet og keramikken kom frå, om folket i Borgund smidde jernet sjølve, kvar spelebrikkene og smykka kom frå og kven dei handla med. 

Bli med på ei spennande reise i vikingtid og mellomalder på Borgund!

Omvisinga forgår delvis utandørs. Hugs gode klede.

  • Stad: Middelaldermuseet
  • Når: Heile året
  • Tid: Om lag 60 min
  • Antal: Grupper inntil 20 personar

Pris:

  • Kvardagar før kl. 16.00: Kr 2 000
  • Kvardagar etter kl. 16.00: Kr 4 000
  • Helg: kr 5 000
Omvising Middelaldermuseet — Viti — Viti