Velkomen inn i Margaretakyrkja
Teknologien gjer det mogeleg å oppleve noko som ikkje lenger finns.
I dag ser vi ruinen etter Margaretakyrkja som låg i mellomalderbyen Borgund. Ved å sette saman forsking med digitale verktøy kan vi visualisere korleis kyrkja kan ha sett ut.
Korleis kan vi vite?
Ved å setje saman kunnskap frå fleire fagfelt kan vi betre forstå heilskapen. Historikaren les og tolkar dokument, kunsthistorikaren ser på utforminga av kunst og arkitektur og arkeologen finn spor etter bygningar, vegar, kaier og gjenstandar.
Margaretakyrkja
I mellomalderen var Borgund den største kyrkjestaden mellom Bergen og Trondheim. Staden var ein naturleg stopp for pilegrimar som reiste sjøvegen mot Nidaros.
Ute på neset mot Borgundfjorden ligg ruinen etter Margaretakyrkja, ei av fire mellomalderkyrkjer som er kjende frå kjeldene. Den eldste kjelda er frå 1309, der Margaretakyrkja blir omtalt i testamentet til riddaren Bjarne Erlingsson.
Kyrkja var ei romansk langkyrkje, truleg frå 1100-talet, bygd i stein og marmor. Ho målte om lag 20 x 10 meter.
Velkomen til ei virtuell omvising!
Klikk på lenkja her eller scann QR-koden

Takk til Møre og Romsdal fylke for støtte til prosjektet og produsent Tidvis.