Middelaldermuseet
Middelaldermuseet – Ålesund
6.trinn: Mellomalderbyen Borgund
I mellomalderen låg det etter dåtidas målestokk ein stor by i området der Sunnmøre museum og Middelaldermuseet no held til. I dag er byen vekk. Kva skjedde?
Gjennom to timar på museet får elevane ta del i aktivitet; både ute og inne,som lærer dei om livet i byen Borgund og korleis det kanskje gjekk til at byen forsvann. Vi kan røpe at det kan handle om forhold både over og under bakken.
I mellomalderen var Borgund den største kyrkjestaden mellom Bergen og Trondheim og naturleg stopp for pilegrimar som reiste sjøvegen mot Nidaros.Elevane legg saman med formidlaren ut på si eiga «pilegrimsvandring»i området rundt museet. Her får dei høyre om ferdsel på sjøen, grunnar til at folk la i veg, og rolla til kyrkja i mellomalderen. Kanskje blir det og tid til litt arbeid rundt bålet?
Inne i utstillinga på museet er arkeologiskefunn og døme på dokument som omtalar Borgund vist. Vi fortel og om kva arkeologar, kunsthistorikarar og historikarar har funne ut om kven som budde her.Elevane prøvar seg på korleis dei få som meistra skrivekunsteni mellomalderen gjorde det, med blekk og fjørpenn.
Påmelding gjer du her:
6.trinn: Mellomalderbyen Borgund | STIFTINGA VITI (duell.no)
- Tilbod til: 6. trinn
- Stad: Middelaldermuseet
- Når: Utvalde dagar i veke 18, 19 og 20
- Tid: 2 timar
- Antal: Maks 30 elevar
- Pris: 30 kr pr elev
Borgundgavlen 21
Sjå kart →

Ane Havnegjerde
Avdeling kulturhistorie: Konstituert seksjonsleiar formidling og vertskap
997 69 682 / ane.havnegjerde@vitimusea.no
