Folkemusikkarkivet

Folkemusikkarkivet
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal har som oppgåve å dokumentere og formidle kunnskap om folkemusikken og folkedansen i fylket. I tillegg til å hjelpe utøvarar og andre interesserte med å finne stoff i det rikhaldige arkivet, driv Folkemusikkarkivet aktivt formidlingsarbeid gjennom kurs, seminar, konsertar og publikasjonar, og gjennom produksjonar for Den kulturelle skulesekken.
Samlingane
Les meirLukk
Folkemusikkarkivet har digitalisert og registrert store delar av notesamlinga si. Mykje av dette er no lasta opp på nett. Samlinga finn du her: www.db.ikamr.no.
Lyd- og videosamlinga til Folkemusikkarkivet inneheld i grove trekk opptak frå 1990 og fram til i dag. Vi har intervju, kappleiksopptak, konsertopptak, med både spelmenn, songarar, instrumentbyggarar og dansarar. Alt materialet er digitalisert og interesserte kan få tilgang til materialet via digitale løysingar.
Folkepedia
Folkepedia er eit nasjonalt prosjekt i Noregs Ungdomslag (NU) der det vert laga danseopplæringsfilmar innanfor folkedans.
Les meirLukk
Ordet Folkepedia er samansett av folke for folkedans, og pedia som både speler på pedagogikk og wikipedia.
Gjennom Folkepedia skal barn og unge formidle dans til andre i same målgruppe. Vi kallar dette ung til ung-formidling. Gjennom læringsfilmar og inspirasjonsfilmar vil Folkepedia vera ein inspirasjon og ressurs for danseopplæring med folkedans.
I samarbeid mellom Noregs Ungdomslag sentralt, og NUMØR, Møre og Romsdal folkemusikklag og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal regionalt har vi i perioden 2016-2021 laga mange filmar frå Møre og Romsdal.
Lenke til nettsida – www.folkepedia.no
Publikasjonar til sals
Folkemusikkarkivet har ulike publikasjonar til sals, både publikasjonar gitt ut av arkivet og andre relevante publikasjonar som me har kjøpt inn for vidaresal.
Les meirLukk
Notehefte:
- Stamparen og 11 andre slåttar frå Møre og Romsdal: Heftet inneheld 12 slåttar som kjem frå ulike stader i fylket. Alle slåttane er arrangerte for G/C-toradar med to stemmer, og er skriven ned med både vanlege notar, og talnotar. Slåttane spriker i vanskegrad, så alle kan finne noko som passar sitt nivå. Pris: kr. 200 + evt. porto
- Klinken og 16 andre slåttar frå Møre og Romsdal: Heftet inneheld 17 slåttar som kjem frå ulike stader i fylket. Alle slåttane er arrangerte for G/C-toradar med to stemmer, og er skriven ned med både vanlege notar, og talnotar. Slåttane spriker i vanskegrad, så alle kan finne noko som passar sitt nivå.
Pris: kr. 250 + evt. porto
- Nils Bakke: Noteheftet Nils Bakke inneheld mellom anna:
- Eit portrett av spelemannen Nils Bakke, av Mary Barthelemy.
- "National musik. Nils Bakke fortæller om sig selv til Tidens Krav".
- Notar og arkivcd med 28 slåttar spela av Nils Bakke i 1960. Det er Ola Gjendem sine spolebandsopptak som Ånon Egeland har transkribert.
Pris: kr. 300 + evt. porto
- Olav P Hjellvik: I heftet finn du:
- Slåttane som Olav P. Hjelvik har laga sjølv.
- Eit portret av spelemannen Olav P. Hjelvik, av Anna Malene Eik.
- Artikkel om Song- og musikklivet på Vågstranda, av Gudmund Furu.
Pris: kr. 200 + evt. porto
- Alle tre frampå golva: Alle tre frampå golva er eit notehefte med slåttar til bruk i kulturskulane, for rekrutt og juniorspelemannslag, og til vaksne som vil prøve seg på folkemusikk. Noteheftet inneheld både runddans og bygdedansslåttar frå Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre.
Pris: kr. 150 + evt. porto
- Folkemusikken i Møre og Romsdal, Jostein Fet: Boka er delt i to hovudbolkar. Den første er eit historisk oversyn over folkemusikken i fylket. Den andre delen er eit utval av folkemusikk på notar, i mengde om lag likleg fordelt mellom Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Her finn du både bruremarsjar, springar, halling, runddansmusikk og vokaltmateriale. Pris: kr. 300 + evt. porto
- Felemakarar på Nordvestlandet, Frode Følling Birkeland: Felemakarane har vore med og bygd grunnlaget for musikken. Denne boka gir eit bilete av 44 felemakarar frå Nordmøre, Romsdal, Sunnmøre og Nordfjord frå 1820 til no. Her får vi historier om kjeldene, korleis dei lærte det, kva slags materiale og reiskap som blir brukt, feleknusing og brannar og mykje meir! Pris: kr. 200 + evt. porto
- Enno så segla ho Magnill, viser, rim og regler frå Nordmøre, Nordmøre Mållag: Boka kom ut i 2002, men er framleis like aktuell og populær. Ein CD med alle songane, visene og reglene er vedlagt boka. Barnehagar, grunnskule, kor og private brukar boka. Pris: kr. 200 + evt. porto
- Syngjaren (CD): Gamle tonar frå ein streng og tonar frå røysta syng ut i ei ny tid. Dei krinsar seg mellom fjordar og fjell, i gamle og unge sjeler som vert freista til å danse. Inn i øyra som lyttar, inn i fingrane som grip etter strengen. Lat slåttane syngje inn i deg og ut i kroppen - nyt!
CDen inneheld springar-, polsdans- og halling-slåttar frå Møre og Romsdal. Spelt av åtte av dei fremste folkemusikarane frå fylket:
Jorun Marie Kvernberg (fele), Britt Elise Skram (fele), Knut Ivar Bøe (trekkspel), Ingunn Linge Valldal (fele), Torgeir Leivdal (fele), Unni Boksasp (song), Øystein Sandbukt (gitar) og Gro Kjelleberg Solli (song). Pris: kr. 150 + evt. porto
- Syng som folk (Arild Hoksnes, Marit Rekdal og Henning Sommerro): Folkeleg songtradisjon frå Romsdal, Utgjeve av Romsdal sogelag.
Samlinga inneheld 111 songar og viser i folkeleg tradisjon frå Romsdal. Dei spenner frå mellomalderballadar til moderne skillingsviser. Alle visene har tone, som også er nedskreven slik han er blitt sungen på bygdene våre.
NB: Boka ligg også som gratis pdf for nedlasting her. Pris: kr. 100 + evt. porto
- Gamle bygdeslåttar frå Sunnmøre, Jostein Fet. Pris: kr. 250 + evt. porto
- Britt Elise Skram - Intakt (CD): Sidan ho starta å spele fele i 10-års alderen har Britt Elise Skram hatt gleda av å spele mykje til dans, og det er runddansmusikken som har oppteke ho mest. Ho har i samband med denne produksjonen hatt eit ønskje om å presentere gode runddansslåttar frå Romsdal. Det ho meiner med gode slåttar er for det første at dei appellerer til dei som skal danse til dei, både gjennom takt og melodiføring.
Nokre av materialet på denne plata er tradisjonelt stoff som ho har fått lære enten ved hjelp av notar, arkivopptak eller direkte overlevering. Andre slåttar er komponert i gamal stil av nyare spelemenn. Felles for dei er at det er slåttar med god dansetakt og med den friske stilen som kjenneteiknar mykje av tradisjonsspelet i Romsdal. Pris: kr. 150 + evt. porto
- Frå Nakke-Petters tid - Folkemusikk frå Sunnmøre (CD): Sunnmøre Spelemannslag er til valig eit reint felelag. Det vart skipa i 1993, og markerer såleis tiårsjubileet med denne CDen. Laget er blitt rekruttert med medlemar frå Velledalen spelemannslag i Sykkylven, Halkjelsvika spelemannslag i Volda, Spelemannslaget "Havella" i Herøy og musikkmiljø i Ørsta og Volda. Laget har lagt vekt på å gjere seg nytte av dei rike samlingane i Folkemusikkarkivet for Møre of Romsdal. Slåttar og melodiar fra Sykkylven, Norddal, Stafsetsamlinga (Skodje og Vatne) og Gjeitviksamlinga (Volda) utgjern kjernen i repertoaret. Laget følgjer opp tradisjonen med å ta med religiøse folketonar i repertoaret. For somme av melodiane på denne plata har laget blitt utvida med trekkspel, gitar og bass. Dessutan er det to melodiar for song solo. Pris: kr. 150 + evt. porto
Historikk
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal (FAMR) vart etablert i 1990. Det fekk lokale hos Høgskulen i Volda, og har halde til der sidan. Fleire former for organisering og finansiering vart prøvde i løpet av dei første åra. I 1999 vart arkivet omgjort til ei stifting.
Les meirLukk
Stiftinga bestod av fem deltakande partar: Møre og Romsdal fylkeskommune, Høgskulen i Volda, Møreforsking Volda, Møre og Romsdal folkemusikklag og Noregs Ungdomslag i Møre og Romsdal. Stiftingskapitalen var på kr. 27.000 (i 2002 auka til 50.000), med differensierte innskot frå kvar av dei fem partane, og det vart inngått ein samarbeidsavtale mellom FAMR og Høgskulen i Volda, godkjend av KUF i brev av 8. mars 1999. Nyregistreringa av stiftinga førte med seg ein del formalia. Desse vart ordna i 2001 og 2002.
Den nye lova for stiftingar som vart sett i kraft 01.01. 2007 kravde kr 100.000 i stiftingskapital for nye stiftingar, men dette kravet vart ikkje gitt tilbakeverkande kraft. Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal er såleis i fullt samsvar med det lovverket som gjaldt.
1. september 2019 vart Stiftinga Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal fusjonert med Stiftinga Sunnmøre Museum og Kulturkvartalet. Den nye stiftinga har i dag namnet Stiftinga Viti.
I dag har Folkemusikkarkivet ein stillingsresurs på 100% knytt til arbeid med folkemusikk og folkedans i Møre og Romsdal.






