Folkemusikkarkivet
Folkemusikkarkivet – DKS Møre og Romsdal
1. og 2. trinn: Folk i farta
Tilbod til 1. og 2. trinn via DKS - Møre og Romsdal fylkeskommune.
I denne danseverkstaden får elevane ta del i kulturarven vår, dei skal danse, hoppe, sprette og synge. Danseverkstaden tek utgangspunkt i folkedans med særleg fokus på å ha det kjekt i lag i dansen.
Elevane vil møte ein dansar og ein musikar, som saman vil lære elevane enkle dansar og songleikar på ring. Elevane får musisere i songleikar, bevege seg til musikk og delta i dansen i lag med resten av klassa. Vi ser òg nærare på musikaren sitt instrument, der elevane får sjå, høyre og kanskje trykke på knappane på trekkspelet eller sjå inn i fela.
Lærarane deltek i verkstaden saman med elevane.
Elevar og lærarar vil vere i fysisk aktivitet gjennom det meste av verkstaden. Vi treng då helst ein gymsal som er stor nok til at alle kan danse samstundes utan å kome borti kvarandre.
«Folk i farta» er kulturarvformidling laga av Folkemusikkarkivet (fellesteneste for musea i Møre og Romsdal).
- Tilbod til: 1. og 2. trinn
- Tilbod via: DKS - Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Tid: 45 min
- Elevtal: Ein klasse på opptil 30 elevar i gongen
- Areal: Gymsal eller rom med areal på minimum 10 m x 20 m
- Behov: Ein stol

Anna Gjendem
Avdeling kulturhistorie: Konservator fellesteneste folkemusikk
47 40 93 02 / anna.gjendem@vitimusea.no
