Folkemusikkarkivet

To dansende personer svinger seg med løftede armer, den ene i blomstret kjole og den andre i mørk t.

På danseverkstaden får elevane eit innblikk i kulturarven vår. Dei får gjennom praktisk dans og teori auka kunnskapen om sjangeren folkedans, kva mangfald sjangeren femner og kvifor dansane har vorte som dei er i dag.

Før var folkedans «folkets dans», dansen som levde og vart nytta i samfunnet. I dag har folkedansen vorte ein sjanger, slik som vi òg har hip-hop, ballett og moderne.

Folkedans er ein sjanger som inneheld både bygdedans, runddans, turdans, songdans, songleik og 1900-tals dans. Det vil seie dansar frå kanskje så langt tilbake som 1500-talet og dansar som swing og linedans som kom på 1900-talet. Dette er mange år med dansehistorie, leik og endringar i samfunnet. Veit du for eksempel at dei moderne dansane som vals, reinlender, polka og masurka kom til Noreg allereie i perioden 1820-1850? Og at dei kom til Austlandet lenge før dei kom til Møre og Romsdal?

Klappeleikane våre, som for eksempel «Å makaroni» og «Anne liane», er under kategorien songleik saman med «Slå på ringen» og «Ta den ring og la den vandre». Dette er leik som mange ikkje tenker på som folkedans.

Dans i par, på rekker og på ring er fellesnemner for dei fleste av dansane. Og sjølv om vi tenker at norsk folkedans er dansar frå Noreg, så finn vi likskapar og lenker til område som Færøyene, Skottland, Polen, Finland osb.

Elevar og lærarar vil vere i fysisk aktivitet gjennom det meste av verkstaden. Vi treng då helst ein gymsal som er stor nok til at alle kan danse samstundes.

Utvida tilbod til Musikklinene

For musikklinene er det mogleg å bestille ein utvida versjon på til saman 4 skuletimer som i tillegg til dans òg inneheld «instrumentkunnskap». Her får elevane kjennskap til instrument som er vanlege å nytte innan sjangeren folkemusikk. Vi kan mellom anna nemne munnspel, einrader, torader, trekkspel, sjøfløyte, seljefløyte, hornfløyte, munnharpe, fele og hardingfele.

Kva er spesielt for instrumenta, tonalitet og korleis er dei laga. Elevane vil sjå, høyre og kanskje få prøve nokre av instrumenta.

  • Målgruppe: Vidaregåande VG1-VG3, Utvida tilbod til MDD
  • Tid: 2 timer
  • Elevtal: Ein klasse på opp til 30 elevar om gongen
  • Areal: Gymsal
Folkedans — Viti — Viti