Folkemusikkarkivet

En gruppe danser på en gresslette ved sjøen mens en fiolinist spiller i bakgrunnen under høye furut.

FolkemusikkarkivetMøre og Romsdal

Folkedans for lærarar

Eit kurs der du som lærar får friska opp/lært deg fleire dansar innan sjangeren folkedans. Du vil få verktøy for korleis du kan lære bort dansane og kva dansar som passar for dei ulike alderstrinna.

På kurset vil du få lære eit repertoar av dansar både i par, grupper og på ring, både musikkdansar og dansar/leikar der ein syng til. Dansane vi nyttar ligg på nettsida til Folkepedia.no. Folkepedia er eit prosjekt der Noregs Ungdomslag lagar og legg ut danserettleiingsfilmar retta mot born, unge og skular. Du vil få ein introduksjon til korleis bruke filmane og kvar du kan finne musikk som passar til dansane.

Formidlingsopplegget vert gjennomført på den einskilde skule. Deltakarane vil vere i fysisk aktivitet gjennom det meste av verkstaden. Vi treng då helst ein gymsal gjerne med moglegheit til å vise film frå nettsida Folkepedia.no.

Kurset er eit tilbod laga av Folkemusikkarkivet (fellesteneste for musea i Møre og Romsdal) i samarbeid med Romsdalsmuseet.

  • Kvar: Gymsal på skulen
  • Tid: 2 timar
  • Antal: Minimum 10 lærarar
  • Vi treng: Storskjerm, internett og lydanlegg
Folkedans for lærarar — Viti — Viti