Kunnskap

Min favoritt - Springar etter "Vika-Petter"

Min favoritt – frå samlingane til Folkemusikkarkivet

Ein gjenstand, eit kunstverk eller ein installasjon? Kanskje ein særeigen folkemusikktone?

Vi spør eit utval av gjestane våra om kva som er deira favoritt!

Åsmund Arnesen Farstad frå Volda er elev ved Norges musikkhøgskole. Han er ein av dei som har vore mykje i kontakt med folkemusikkarkivet den siste tida. På opptaket spelar han ein springar etter Hans Petter Andersson Kalvadsvig (1822-1884), også kalla “Vika-Petter”.“Vika-Petter” var ein del av det store spelemannsmiljøet i Austefjorden i Volda kommune.

Kvifor likar du denne slåtten?

Eg synes slåtten er gøyal, røff, tøff, men også vakker. Den er artig sidan den har både før og etterspel innbaka i slåtten. Det finst ikkje nokon liknande slåttar som variantar andre plassar i landet etter det eg har høyrt, og den verkar verkeleg særeigen. Eg har fått tilgang på H. Gjeitvik sine transkripsjonar av denne, og andre slike slåttar som har gitt meg eit nytt blikk på slåtten som har vore med på å forme den til slik eg spelar den.

Manuskriptsamlinga etter Hans Gjeitvik (1856-1934) har i alt 131 tradisjonsoppskrifter, der dei fleste slåttane er etter 17 spelemenn frå Volda som var aktive i siste halvdel av 1800-talet.Hans Gjeitvik spela fele og budde i Geitvika i Austefjord i Volda kommune. Gjeitvik lærte seg noteskrift og i 1920-åra byrja han å skrive ned slåttar frå det rike spelemannsmiljøet som eksisterte i Austefjorden. I 1924 starta han saman med sonen Sivert Hansson Geitvik på arbeide mot å gi ut ei samling av desse slåttane og i 1928 gav dei ut fem notehefter.

Lær meir om våre ulike arenaer gjennom serien "Min favoritt"!

Besøkande i alle aldra deler sine tankar om gjenstandar eller kunstverk som har gjort inntrykk på dem.

Folkemusikkarkivet

Folkemusikkarkivet, Volda

Folkemusikkarkivet dokumenterer og formidlar folkemusikk og folkedans for heile Møre og Romsdal.

Min favoritt - Springar etter "Vika-Petter" — Viti — Viti