Folkemusikkarkivet
5.-7. trinn: Danse saman
I denne danseverkstaden får elevane ta del i kulturarven vår, dei skal danse saman med kvarandre i ring og i par. Danseverkstaden tek utgangspunkt i folkedans med særleg fokus på å ha det kjekt i lag i dansen.
Elevane vil møte ein dansar og ein musikar, som saman vil lære elevane dansar med lange og truleg kortare røter i tradisjonen. Elevane får bevege seg til musikk og delta i dansen i lag med resten av klassa.
Elevar og lærarar vil vere i fysisk aktivitet gjennom verkstaden. Vi treng då helst ein gymsal som er stor nok til at alle kan danse samstundes.
Målgruppe: 5.-7. trinn
Tid: 45 min
Elevtal: Ei klasse på opp til 30 elevar i gongen
Rom: Gymsal

Anna Gjendem
Avdeling kulturhistorie: Konservator fellesteneste folkemusikk
47 40 93 02 / anna.gjendem@vitimusea.no
