Storeggen av Aalesund

Storeggen av Aalesund
Storeggen av Aalesund er ein replika av ei sunnmørsk bankskøyte frå 1890-åra.
Bankskøytene var seglskuter med dekk og gaffelrigg, bygde for havfiske. Dei var avgjerande for den store veksten i fiskeria i andre halvdel av 1800-talet, og dermed den kraftige veksten Ålesund opplevde i den same perioden.
Foto: Vasco Pinhol/ Viti
Tilgjengelegheit
Les meirLukk
Bankskøyta Storeggen av Aalesund har ikkje universell tilkomst.
Les meir om Storeggen av Aalesund
Les meirLukk
I april 1861 kom to svenske «sjøbåtar» til Ålesund, fullasta med fisk. Fangsten hadde dei fått på Storegga, ein fiskebank i havet utanfor sunnmørskysten.
Sunnmøringane kjende Storegga godt, men fiska framleis frå opne tradisjonsbåtar. Etter svenskebesøket handla handelsborgarane i Ålesund raskt: Våren 1862 var det første havgåande fiskefartøyet frå Sunnmøre med dekk klart for sesongen.
Det var innleiinga på ei kraftig ekspansjonstid i Ålesund, og i åra fram mot 1900 vart det bygd og utrusta rundt 500 slike fartøy på Sunnmøre.
Fartøya vart kjende som bankskøyter – seglskøyter bygde for fiske på havbankane utanfor norskekysten.
Då bankskøytene vart erstatta av dampskip, og seinare motorbåtar, vart dei gløymde. Det finst i dag inga slik skøyte som er bevart i original stand.
I mai 2014 starta bygginga av ei ny bankskøyte midt i Ålesund sentrum. To år seinare vart Storeggen av Aalesund sjøsett, som ein replika av ei bankskøyte bygd på Liaaen-verftet i 1890-åra.
Initiativ og finansiering stod Stiftelsen Kjell Holm bak, medan Viti er eigar og drivar.
Storeggen av Aalesund feirar 10 år
«Fiskeskøyta som erobret havet»
Arrangement
Borgundfjordfiske med Storeggen





