Storeggen av Aalesund
Storeggen av Aalesund, Fiskerimuseet – Ålesund
4.trinn: Førstereis med Storeggen
«Førstereis med Storeggen» er eit aktivitetsbasert undervisningsopplegg som foregår på Fiskerimuseet og om bord i bankskøyta Storeggen. Opplegget består av ulike postar. Når skipperen har ønska elevane velkommen får alle etter tur prøve seg på dei ulike aktivitetene knytt til livet om bord i ei bankskøyte.
Storeggen er ein kopi av ei bankskøyte bygd på 1890 – tallet, og i vi skrur tida tilbake til den gongen då bankskøytene fylde hamna i Ålesund. Når skøytene skulle ut på fiske, var det stor aktivitet både i hamna og om bord i skøytene. I «Førstereis med Storeggen» vert elevane ein del av mannskapet som gjer seg klar for havfiske. Båten vil liggje til kai under opplegget.
Inne på sjøbua lagar vi tau på reperbane og besøker Tåkerommet. Den andre gruppa er om bord og utfører ulike typer dekksarbeid og tek «pause» i hengekøyene under dekk. Gruppene bytter etterpå. Alle aktivitetene vert leia av våre formidlarar.
Stad: Fiskerimuseet, Moloveien 10, Ålesund. Skøyta vert liggjande ved kaia under opplegget.
Tid: 09:00 – 13:00. Opplegget vert tilbydd i avgrensa perioder kvart år.
Pris: 30 kroner per elev. Oppgi fakturaadresse eller betal på Fiskerimuseet.
Ta på / ta med: Dette er ein utedag, så det er viktig at alle har kledd seg etter verforhold og arbeid. Sjøfolk vert svoltne, ta med matpakke!
Påmelding / kontakt: Ane B. Havnegjerde, ane.havnegjerde@vitimusea.no , tlf 99769682
- Tilbod til: 4. trinnet i Ålesund kommune
- Stad: Fiskerimuseet, Molovegen 10, Ålesund
- Når: Tysdag - fredag i veke 36, 37 og 38
- Tid: 09.00 - 13.00
- Antall elevar: Max 60 elevar per dag.
- Pris: 30 kroner per elev

Ane Havnegjerde
Avdeling kulturhistorie: Konstituert seksjonsleiar formidling og vertskap
997 69 682 / ane.havnegjerde@vitimusea.no
