Storeggen av Aalesund feirar 10 år

I 2026 markerer vi 10 år med Storeggen av Aalesund som ein del av Viti sine flytande kulturminne og som ein viktig formidlar av kystkulturen vår.
Eventyret starta i mai 2014, då bygginga av ei ny bankskøyte tok til på Prestebrygga i Ålesund. To år seinare vart Storeggen av Aalesund sjøsett, som ein replika av ei bankskøyte bygd på Liaaen-verftet i 1890-åra.
Det unike byggeprosjektet vart dokumentert undervegs av Morten Hesthammer, fagkonsulent ved Hardanger fartøyvernsenter. Gjennom bloggen "Bankskøyta" kunne vi følgje arbeidet steg for steg og få eit innblikk i tradisjonelt båtbyggjarhandverk.
Filmskaparane Tor Sivertstøl og Gry Molvær Hivju i Tinde Film følgde også byggeprosessen. Resultatet vart dokumentaren «Fiskeskøyta som erobret havet» – ein imponerande og flott film. Len deg tilbake og nyt den her:
Stiftelsen Kjell Holm stod for initiativet og finansierte bygginga av bankskøyta, medan Stiftinga Viti er eigar og drivar.
I dag ligg Storeggen av Aalesund ved kai ved Fiskerimuseet - som eit levande minne om kysthistoria og eit symbol på kva samarbeid, handverk og entusiasme kan skape.
Om bord formidlar vi kysthistoria og handlingsboren maritim kunnskap til skuleklassar, tilreisande og lokale gjester.
Bankskøyta gjennom jubileumsåret
I mars rigga vi bankskøyta saman med våre dyktige frivillige, klar for vinterens vakraste eventyr: Borgundfjordfisket. Her fekk fleir enn 120 små og store kjenne på fiskelykka.
Stor interesse var det også for årets nye tilbod; Havfisketur – ein lengre fisketur der vi sette kursen frå Alnes og ut i havgapet.
I april ser du den flotte skøyta på Voldsfjorden. Her formidlar vi kysthistoria til barn og unge, der dei er mannskap om bord og får prøve seg på både å ro og segle.
Tilbake til Fiskerimuseet i mai legg vi turen ut på Valderhaugfjorden – då med elevar frå skulane i Ålesund.
Gjennom sommaren kan bankskøyta studerast frå kaikanten ved Fiskerimuseet, før vi tradisjonen tru kastar loss og seglar til Ulsteinvik og Trebåtfestivalen i medio august.
Har du også lyst til å oppleve korleis det er å segle ei gaffelrigga fiskeskøyte som Storeggen?
Då blir du med oss på segltur i slutten av august! Meir informasjon og billettar finn du her!





