Fiskerimuseet
9. trinn: God bør
I dette dagsopplegget er elevane mannskap på fiskeskøyta Storeggen. Vi deler elevane i to fiskarlag. Det eine kastar loss og seglar etter vinden på Valderhaugsfjorden. Det andre laget går i robåtane og ror gjennom Ålesundet over til sørsida. Begge fiskarlaga skal både ro og segle i løpet av dagen.
Storeggen av Aalesund er ein kopi av ei storskøyte slik dei vart bygde omkring 1890. Desse spesialiserte havfiskefartya vart liggande på fiskebankane i fleire veker, og den var avhengig av god bør for å kome seg både ut og heim. Med sju segl måtte fiskarlaget også vere gode seglarar. Om bord får elevane erfare dette når dei må jobbe saman om å justere og heise segla.
Sjølve linefisket vart gjort frå mindre opne båtar, doryar, som vart sette ut frå «moderskipet». Doryane hadde segl, men dei var først og fremst robåtar. Alle fiskarane måtte rekne med å ta sin rotørn. Roturen vi tek er både rotrening og ei kulturhistorisk sjøreise gjennom fiskeribyen Ålesund si historie.
Ta med: Elevane må ha gode og varme klede, sko etter veret – og matpakke!
Fiskerimuseet har sikkerheitsutstyr.
Spesielle behov: Opplegget med segling og roing er i utgangspunktet ikkje tilpassa rørslehemma, men vi prøver å legge til rette for at så mange som råd kan vere med. Ta gjerne kontakt i god tid.
Ved spørsmål kontakt: ane.havnegjerde@vitimusea.no , eller på tlf: 99769682
- Tilbod til 9. trinn i Ålesund kommune
- Stad: Fiskerimuseet, Molovegen 10, Ålesund
- Når: Tysdag - fredag i veke 19-21 i 2026.
- Tid: 09:00 – 13:00
- Max tal på elevar: 24 (NB)
- Pris: 30 NOK per elev
Molovegen 10
Sjå kart →

Ane Havnegjerde
Avdeling kulturhistorie: Konstituert seksjonsleiar formidling og vertskap
997 69 682 / ane.havnegjerde@vitimusea.no
