Storeggen av Aalesund
Storeggen av Aalesund – Ålesund
Utleige Storeggen
Kva kjennes vel betre enn når vinden ruskar og stortorsken nappar? For mange er turen med Storeggen som eit lite eventyr - ei ramsalt oppleving, med vind og bølgjer eller ein solrik ettermiddag på blikkstille hav.
Utleige mars
På kurs eller konferanse i Ålesund – og ønskje om eit lite avbrekk? Besøk av venegjengen «langvegsfrå» eller berre lyst til å ta ein tur med familien? Vi ligg klar ved kai på Molja, midt i Ålesund og tek turen utover fjorden. Alt frå ein liten time til utover ettermiddag og kveld.
Kva kjennes vel betre enn når vinden ruskar og storfisken nappar? For mange er turen med Storeggen som eit lite eventyr - ei ramsalt oppleving, med vind og bølgjer eller ein solrik ettermiddag på blikkstille hav.
Vi skreddarsyr også andre kulturopplevingar - alt frå historia om bankskøyteeventyret til den sunnmørske klippfiskhistoria eller omvising på Fiskerimuseet.
Om Storeggen av Aalesund
Storeggen av Aalesund er ein replika av ei sunnmørsk bankskøyte frå 1890-åra. Bankskøytene var seglskuter med dekk og gaffelrigg, bygde for havfiske. Dei var avgjerande for den store veksten i fiskeria i andre halvdel av 1800-talet, og dermed den kraftige veksten Ålesund opplevde i den same perioden.
Foto: Vasco Pinhol/ Viti
Inntil 12 passasjerar
Leige dag, ettermiddag og kveld
Utleigeperiode: Mars
Bestilling privat og bedrift
Ønskjer du å bestille lokale, båttur eller omvising? Send ein e-post til:





