Kystverkmusea

Kystverkmusea
Viti er ein del av Kystverkmusea. Som etatsmuseum for Kystverket har vi heile landet som arbeidsfelt og etaten sitt virkefelt som arbeidsområde.
Kystverkmusea er basert på eit samarbeid mellom fem sjølvstendige museumsinstitusjonar som i fellesskap fyller rolla som etatsmuseum.


Dette jobbar vi med:
Les meirLukk
Viti er ein del av Kystverkmusea. Som etatsmuseum for Kystverket har vi heile landet som arbeidsfelt og etaten sitt virkefelt som arbeidsområde.
Det vil seie at vi er museum for heile den maritime infrastrukturen i form av:
Fyr og merketenesta
Hamner og farleier
Lostenesta
Moderne trafikkovervaking
Miljø- og sikkerheitsberedskap
Kystverkmusea er basert på eit samarbeid mellom fem sjølvstendige museumsinstitusjonar som i fellesskap fyller rolla som etatsmuseum.
Etatsmuseet består av Lindesnes fyrmuseum, Jærmuseet, Viti, Museum Nord og Museene for kystkultur og gjenreising i Finnmark.
15 år som etatmuseum
Kystverkmusea vart etablert i 2008 gjennom eit fagleg, økonomisk og organisatorisk samarbeid mellom Kystverket som statleg fagetat og fem sjølvstendige museumsinstitusjonar.
Les meirLukk
I 2009 vart det tilsett eigne museumsfaglege konservatorar hjå alle musea. Desse fagtilsette dannar Kystverkmusea sitt fagråd og følger opp alt dagleg arbeid.
I samband med Kulturminneåret 2009 gjennomførte Kystverkmusea eit formidlingstokt med museumsskipet M/S Gamle Oksøylangs heile kysten.Kystverkmusea har seinare teke over fartøyet og produsert fast utstilling om bord. Det er etablert ei eiga veneforeining «Gamle Oksøys venner».
Tidsskriftserien «Kystens veivisere» vart starta opp i 2010. Her formidlar vi historie innan våre fagområde i bokform.
Museumssamlinga i Dalsfjord vart utvikla til eit museum gjennom bygginga av nytt museumsbygg i 2011 og ei ny utstilling om «Fyrvesenet og fyrbyggarane» i 2012, som stod til 2022.
I samband med grunnlovjubileet i 2014 utvikla Kystverkmusea den digitale formidlingsplattforma www.kystreise.no og www.coastlight.net
Flåværleiaprosjektet formidla og dokumenterte eit av dei representative områda utplukka i Landsverneplan for maritim infrastruktur.
Kystverkmusea bidrog til Kystverket sin Landsverneplan for maritim infrastruktur. Kystverket eig 114 fyrstasjonar, der 68 av desse er freda etter kulturminnelova. Kvar enkelt av staten sine kulturhistoriske eigedomar skal ha ein forvaltingsplan som gjev kunnskap om viktige prinsipp i forvaltinga og forståing for det heilskaplege miljøet som fyrstasjonen representerer. Kystverkmusea har delteke i utarbeidingane av forvaltingsplanane.
I prosjektet «Formidling på fredetefyrstasjoner» 2015-2017 utvikla vi ein mal for skilting av freda fyrstasjonar. Vi sette opp skilt på tilsaman 50 freda fyrstasjonar.
Vi har laga museumsutstillingane «Dalsfjord fyrmuseum (Fyr og fyrbyggarane), «Stein på stein» (hamnevesen), «Frå varde til VTS» (navigasjonshjelpemidlar), «Vel i hamn» (losutstilling), «Frå hav til hamn», «Støpejernstårnene» (fyr) og «Los300» (losutstillinger).
For tida kan du sjå to utstillingar på Sunnmøre ved Fiskerimuseet i Ålesund.
Prosjektet «Los300»ei markering av 300 år med norsk statleg organisert losteneste vart gjennomført i nært samarbeid med Kystverket. Prosjektet var tredelt med utstillingar, formidlingstokt og forsking.
Forskingsprosjektet «Los 2020» resulterte i artikkelsamlinga «Norsk losvesen 1720-2020 Frå selvstendigenæringsdrivende til statsansatte».
I 2021 opna Museum Nord «Hurtigrutemuseet» på Stokmarknes. Museet formildar blant anna los og hamnehistorie.
I 2022 har Kystverkmusea byrja arbeidet med prosjekta «Norsk oljevern 50 år» og Norske fiskerihamner».
Meir om Kystverkmusea finn du på nettsida: www.kystverkmusea.no
Kunnskap

Lyst til å bli med på Kystreise
Les meirLukk
Publikasjoner

Lyst til å vitje eit fyr?
Les meirLukk
Kystverkmusea samarbeider med Norsk fyrhistorisk foreining. Foreininga oppdaterer nettsida, https://fyr.no/
Her finn du ei oversikt over alle besøksfyr med kontaktadresser. Ta gjerne med deg boka vår «Norske fyrstasjonar. Besøksfyr langs hele kysten» når du reiser på tur.



