Ny nettutstilling: "Vern mot storhavet"

Kystverkmusea lanserer ei ny nettutstilling med tittelen «Vern mot storhavet».

På 1800-talet satsa den norske stat på ei storstilt utbygging av samferdsle og kommunikasjonar i landet. Eit viktig satsingsområde var utbygging av fiskerihamner. I løpet av 150 år bygde den norske staten over 700 fiskerihamner.

Korleis ville Sunnmøre utvikla seg utan fiskerihamnene? Utan ein trygg stad der ein kunne levere fisk, få tak i vatn og ligge trygt i dårleg ver?

Nettutstillinga gjev ei oversikt over alle dei statleg utbygde fiskerihamnene. Du kan også utforske Sunnmøre eller dei områda du sjølv ønsker.

Hamneportrett
Utstillinga inneheld også «hamneportrett» der du kan få vite meir om utvalde hamner.

I vårt område har vi sett nærmare på fiskerihamnene på Silda, Alnes og Nordøyan. Her får du også få eit gløtt av sunnmøringar som deltok i bygginga.

Sjå nettutstillinga "Vern mot storhavet" her!

BOKTIPS!

Store bølger slår mot en molo med et høyt signaltårn under mørk himmel ved norskekysten.
Praktboka «Molo» tek lesaren med på ei opplevelsesrik reise langs heile norskekysten,

- Vi har også samarbeida med forfattaren Trond J. Hansen om utgjevinga av praktboka «Molo. Norskekystens mektige beskyttere", fortel konservator i Viti, Frode Pilskog.

«Molo» tek lesaren med på ei opplevelsesrik reise langs heile norskekysten, frå hamn til hamn – heilt frå Aust-Finnmark til svenskegrensa.

I tekst og bilete fortel forfattar og fotograf Trond J. Hansen historia om korleis moloane vart bygd og korleis det påverka samfunna langs kysten. Det er også historia om stor ingeniørkunst, om slit og ein evig kamp mot elementa.

«Molo» er ei praktbok med storslåtte bilete frå alle årstider og teke under ulike lysforhold - også̊ rikt illustrert med dronebilete.

Boka er til sals i museumsbutikken på Sunnmøre museum og Fiskerimuseet.

Frode Pilskog

Frode Pilskog

Avdeling kulturhistorie: Konservator NMF

950 69 162 / frode@vitimusea.no