Fyrkvinner – ei bok om livet på fyrstasjonane

Frå Ryvingen i sør til Fruholmen i nord, frå Utvær i vest til Bøkfjord i aust har kvinner og born teke del i drifta på fyrstasjonane. Sjølv dei mest isolerte og vêrharde stadene har vore bustad og barndomsheim for heile fyrfamilien.

Livet til kvinner og born på fyrstasjonane har vore lite kjent. Eli Johanne Ellingsve si bok «Fyrkvinner» gjev oss eit unikt innblikk i kvardagen på desse stadene. I boka er over to hundre kvinner frå 123 fyrstasjonar omtala. Ellingsve viser korleis kvinnene tok del i alle sider av fyrarbeidet, samstundes som dei var aktive i lokalsamfunna.

«Fyrkvinner» er ein del av Kystverkmusea sin skriftserie Kystens veivisere. Viti har delteke i redaksjonsarbeidet.

Boka kan kjøpast hos Sunnmøre Museum,Fiskerimuseet og Brudavolltunet.