Sunnmøre museum
Sunnmøre museum – Ålesund
Utleige Ytterlandstova
Ytterlandstova gir ei vakker, kulturhistorisk ramme når konfirmasjon eller dåp skal feirast saman med familie og vener.
Utleige heile året - med unntak av 8 veker i sommarens skuleferie.
Anledning
Vi leiger ut til konfirmasjon, barnedåp og minnestund. Utleige også for møter og til bedrifter.
Kapasitet
I storstova er det plass til inntil 40 gjester.
Fasilitetar
Huset har kjøkken med kvitevarer.
Utleige
Utleige av lokalet er basert på at den som leiger ordnar mat og servering samt rydding i etterkant. Vask av lokalet er inkludert i leigeprisen.
EI EKSTRA KULTUROPPLEVING?
Vi skreddarsyr også kulturopplevingar om ein ønskjer å gi gjestane «noko ekstra». Alt frå forteljing om stova si spennande historie til aktivitetar eller omvising i hus og tun.
Ytterlandstova
Huset er frå Ytterland på Valderøya vart satt opp av Knut Ytterland i 1840. Storstova i huset var mykje brukt, og her stod det langbord og benkar. Her vart det halde religiøse møter, avholdsmøter og bryllaup. Om hausten kom vevstol og rokk opp i stova, og karane tok inn fiskegarna til reparasjon.
Darius Ytterland, oldebarn av Knut, gav huset til Sunnmøre museum på 1970-talet. Stova stod ferdig innreidd i 1980.
Utleige til:
- Konfirmasjon
- Barnedåp
- Minnestund
- Møter
Kapasitet:
- Inntil 40 gjester
Periode:
- Utleige heile året, med unntak av 8 veker i sommarens skuleferie
Museumsvegen 12
Sjå kart →
Bestilling privat og bedrift
Ønskjer du å bestille lokale, båttur eller omvising? Send ein e-post til:






