Brudavolltunet

Et dekket bord med hvitt porselensservise med blå blomstermønster, vinglass og røde stearinlys.
Møterom med trepanel har runde taklamper og historiske svart-hvitt fotografier på veggene.
Hvitt servise med blått mønster står dekket på bordet sammen med røde telys og vinglass.

BrudavolltunetØrsta

Utleige Brudavolltunet

Brudavolltunet gir ei vakker, kulturhistorisk ramme når konfirmasjon eller dåp skal feirast saman med familie og vener.



Utleige heile året - med unntak av 8 veker i sommarens skuleferie.

Anledning
Vi leiger ut til konfirmasjon, barnedåp og minnestund. Utleige også for møter og til bedrifter.

Kapasitet
Lokalet har plass til inntil 40 gjester.

Fasilitetar
Lokalet har dekketøy, internett, projektor, lerret og kjøkken med kvitevarer.

Utleige
Utleige av lokalet er basert på at den som leiger ordnar mat og servering samt rydding i etterkant. Vask av lokalet er inkludert i leigeprisen.


EI EKSTRA KULTUROPPLEVING?
Vi skreddarsyr også kulturopplevingar om ein ønskjer å gi gjestane «noko ekstra». Alt frå forteljing om tunet si spennande historie til aktivitetar eller omvising i hus og tun.

Om Brudavolltunet
Brudavollen er eit autentisk gardstun som ligg solrikt og idyllisk til høgt oppe i dalsida i Ørsta kommune.

Både bygningar og landskap har høg kulturhistorisk verdi, og fortel om levemåten i det gamle bondesamfunnet.

Eldste delen av bygningane er frå 1600-talet. Hageanlegget vart etablert kring 1830, og var til inspirasjon for hagedyrkinga i distriktet som tok til utover 1800-talet.

Brudavollen vart truleg busett på slutten av 1500-talet, etter å ha lege aude lenge. På 1600-talet vart garden teken av skred og husa sette opp att på ein ny stad. Dagens tun er bygd tidleg på 1800-talet.

Utleige til:
- Konfirmasjon
- Barnedåp
- Minnestund
- Møter
- Bedrifter

Kapasitet:
- Inntil 40 gjester

Periode:
- Utleige heile året, med unntak av 8 veker i sommarens skuleferie

Bestilling privat og bedrift

Ønskjer du å bestille lokale, båttur eller omvising? Send ein e-post til:

bookingsm@vitimusea.no