Middelaldermuseet
Middelaldermuseet – Ålesund
Utleige Middelaldermuseet
Middelaldermuseet gir ei vakker, kulturhistorisk ramme når konfirmasjon eller dåp skal feirast saman med familie og vener.
Utleige heile året - med unntak av 8 veker i sommarens skuleferie.
Anledning
Vi leiger ut til konfirmasjon, barnedåp og minnestund. Utleige også for møter og til bedrifter.
Kapasitet
Lokalet har plass til inntil 40 gjester.
Fasilitetar
Lokalet har dekketøy, internett, projektor, lerret og fullt utstyrt kjøkken med kvitevarer.
Utleige
Utleige av lokalet er basert på at den som leiger ordnar mat og servering samt rydding i etterkant. Vask av lokalet er inkludert i leigeprisen.
EI EKSTRA KULTUROPPLEVING?
Vi skreddarsyr også kulturopplevingar om ein ønskjer å gi gjestane «noko ekstra». Alt frå forteljing om mellomalderen si spennande historie til aktivitetar eller omvising i utstillinga.
Om Middelaldermuseet
Rett ved Borgundfjorden i Ålesund, der skreien årvisst kjem inn for å gyte, låg byen Borgund. Dette var i mellomalderen den største byen mellom Bergen og Trondheim.
Lite er synleg av Borgund i dag, men under jorda har arkeologane dei siste 80 åra avdekt korleis byen har sett ut og korleis livet har vore for dei som budde der.
Inne i museet kan du sjå restar av mellomalderbyen Borgund som ligg der dei vart funne, og bli betre kjend med livet i mellomalderen.
Utleige til:
- Konfirmasjon
- Barnedåp
- Minnestund
- Møter
Kapasitet:
- Inntil 40 gjester
Periode:
- Utleige heile året, med unntak av 8 veker i sommarens skuleferie
Borgundgavlen 21
Sjå kart →
Bestilling privat og bedrift
Ønskjer du å bestille lokale, båttur eller omvising? Send ein e-post til:
