Sunnmøre museum
Sunnmøre museum – Ålesund
Utleige Åkre bedehus
Åkre bedehus gir ei vakker, kulturhistorisk ramme når konfirmasjon eller dåp skal feirast saman med familie og vener.
Utleige heile året - med unntak av 8 veker i sommarens skuleferie.
Anledning
Vi leiger ut til konfirmasjon, barnedåp og minnestund. Utleige også for møter og til bedrifter.
Kapasitet
Lokalet har plass til inntil 40 gjester.
Fasilitetar
Bedehuset har dekketøy, internett, projektor, lerret og fullt utstyrt kjøkken med kvitevarer.
Utleige
Utleige av lokalet er basert på at den som leiger ordnar mat og servering samt rydding i etterkant. Vask av lokalet er inkludert i leigeprisen.
EI EKSTRA KULTUROPPLEVING?
Vi skreddarsyr også kulturopplevingar om ein ønskjer å gi gjestane «noko ekstra». Alt frå forteljing om bedehuset si spennande historie til aktivitetar eller omvising i hus og tun.
Om Åkre bedehus
Åkre bedehus sto ferdig i 1889 og vart bygd i kjølevatnet av dei religiøse vekkingane på 1880-talet. Bedehuset var eit viktig forsamlingshus. Her har vore basarar, møter, skule og turnforeining.
Huset vart delvis øydelagd i ein storm i 1899 og bygd opp att i noko mindre størrelse. I 1948 vart det vedteke å kle alle tak med eternit over den opprinnelege kledninga. Tømmerveggane inne vartogså kledt igjen med plater. Tidleg på 1960-talet fekk huset tilbygg med kjøkken og toalett.
Bedehuset vart flytta til Sunnmøre museum i 2016 og satt opp med utvendig panel, vindauge og inngangsdør slik det var originalt. Tømmerveggane innvendig er også henta fram.
Utleige til:
- Konfirmasjon
- Barnedåp
- Minnestund
- Møter
Kapasitet:
- Inntil 40 gjester
Periode:
- Utleige heile året, med unntak av 8 veker i sommarens skuleferie
Museumsvegen 12
Sjå kart →
Bestilling privat og bedrift
Ønskjer du å bestille lokale, båttur eller omvising? Send ein e-post til:





