Sivert Aarflot-museet

Sivert Aarflot-museet

Sivert Aarflot-museet

Sivert Aarflot var bondesonen med 22 dagars skulegang som vart ein av dei fremste folkeopplysarane på Nordvestlandet. Aarflot sin kunnskapstørst var vid: frå praktisk jorddyrking til teoretisk astronomi.

Opningstider og prisar

Ope

  • Ope etter avtale. Kontakt

    tlf. 70 23 90 00

  •  

  • Sommar på museet

    21. juni - 16. august

  • Torsdag

    12 - 16

  •  

Prisar

  • Vaksen

    kr 80

  • Grupper vaksne (min 10 pers.)

    kr 60

  • Student

    kr 60

  • Barn (0-18 år)

    Gratis

  • Fellesbillett til Brudavolltunet

    kr 80

  • Eigne prisar på arrangement

Besøk oss

Sivert Aarflot-vegen 10, Volda

Sjå i kart

Kunnskapen skulle delast og formidlast vidare. Han vart lærar og lensmann, og han grunnla både bibliotek, trykkjeri og avisa Norsk Landboeblad. Avisa kjem framleis ut i Volda, under namnet Møre.

I Sivert Aarflot-museet, som ligg på Ekset i Volda kommune, der han budde og dreiv trykkjeri, fortel vi historia om denne nybrottsmannen og folkeopplysaren.

Tilgjengelegheit

Les meir

Sivert Aarflot-museet held til i ei eldre bygning som ikkje har universell tilkomst.

Eitt kort - 10 museum!